torsdag 29. desember 2011

Fjørtoftstur... forts....

Ikkje heilt venn med opplastningsprogrammet på bloggen idag, nei...

Del 3 av Fjørtoftsturen:


Lone synest at Onkel Ottar er litt "korka"  ;-))


Etter den 4. ferjeturen vår denne dagen, vart vi belønna med ein nydeleg solnedgang.
Rakk ikkje å forevige den før Skjelte-kaia (-det er alltids ei ferje å nå!), men flott var den heilt på "tampen" også.


Fjørtoftstur... forts...


Butikken min.
Her fekk eg sjølv lov til å skrive opp varene eg skulle handle til mamma, i boka vår. Her fekk eg lov til å prise varer. Og så kose litt med Aina som låg på trappa framfor døra...
Han Oddvar var snill, han!


Kjekt med sykkel, ja!


Pappa'n min !


Fjørtoftstur

I slutten av september rakk vi ein liten Fjørtoftstur.
Pga tull med opplastinga, kjem bileta dessverre litt hulter til bulter...   :-(


"Nabolaget" mitt


Studie av postkassene.
Hmm.. Desse bokstavane har eg sett før...


Har teke imot nokre brev, denne her..


Kjekt å ha med sykkelen - flate vegar og lite trafikk :-)

onsdag 28. desember 2011

Besøk hos Farmor


Etter at farmor hadde seg eit fall på kjøkkengolvet tidlegare i sommar, vart det nokre veker både på sjukehus og på rehabilitering for henne.
Her er frå nokre besøk frå då ho var i Brattvågen på sjukeheimen der.


Det gjeld å finne seg til rette den stunda ein er på besøk, det synest i alle fall Lone  ;-)

Haust 2011


Det har heldigvis blitt nokre fine haustdagar i 2011. Så vidt eg huskar har det vore ganske mildt også.. Her har vi vore på skuleplassen å leika oss :-)


Det har vore lite fotografering på meg i haust, lite tid til å utforske og lære.. Det blir mest knipsing på Auto-funksjonen ;-)   Har ikkje makro-linse, men nærbilete er spennande!



Fine haustdagar gjorde at vi eeeendeleg fekk måla frå oss eine endeveggen på huset vårt. Sommartid = jobbetid for Bent, så vi har faktisk brukt 2 (!) somrar på å bli ferdig. Denne sommaren hadde vi ikkje veret på vår side heller, slik at det er sagt..
 Endeleg vart vi ferdige, men med vårt tempo, så kjem vi vel "rundt" i løpet av ei 10 års-periode...

(Sjekk målar-antrekket, då!!  Hihi, ser ut som ein avdanka popsangar frå 80-talet!  ;-)



Har her vore ute for å forevige hausten, nærbilete er fortsatt gøy :-)

Haust 2011

Hausten startar med bursdagsfeiringar i Familien Ottaus.


Først ute er Andrine. Ho fekk feire med skikkeleg jenteselskap, med pølser brus, kake og muffins. Og ikkje for å gløyme skattejakt!  :-)


Midt i all feiringa, "snik" det seg inn noko som heiter Hano-dagar... Vi veit vi må konkurrere med dette kvart år, så då har vi like godt lagt inn litt familieselskap same helga, for dei som har tid til å stikke innom.
Her er det Emil som stikk innom for å ete litt kake :-)


Og jammen har vi ikkje fått med Tante Randi også!!  ;-)


 Oda måtte feire dagen sin litt på etterskot i år, men då kunne vi til gjengjeld legge det til ein fredag, og invitere til Film- og Pizzaparty.

mandag 12. desember 2011

Sommaren tek til å bli haust...

Så ser det ut til at sommaren har gått over til tidleg haust.

Heldigvis fekk vi "drøye" sommaren litt til, med nokre fine varme dagar  :-)


To kjekke jenter, som har kjent kvarandre sidan 3 års alderen.
(Du verda, som tida flyg!!)


Her er det Andrine som har venninne-besøk.
Av måten dei ligg på, er det nok ein film som står på plakaten  ;-)


Hausten starta tidleg med sjukdom både hos Andrine og mor i huset...
Andrine tok første stikk, mor kom like etter. Den dagen mor måtte halde senga, måtte Lone og Andrine fint gå til bhg sjølv. Sidan det var litt småregn i lufta på morgonen, vart det på med både dress og støvlar. Etter at mor hadde fått bekrefta frå bhg at jentene var vel framme, vart det soving i nokre timar...
Det høyrer med til historia at når mor vakna, var det strålandes solskin og 20 grader ute!! Og jentene vart sendt til bhg i cherrox!!
Jaja...


Her har vi hatt besøk av nydlege Hannah.


Og her har vi Lone i vinden.
Ganske så nydeleg ho også  ;-)