fredag 27. mai 2011

Sissel & Christian = sant

Laurdag 7. mai var den store dagen til Sissel, Christian, Noah og Isak.

Og vi var så heldige å få vere med på å feire den  :-)


Her er nokre bilete frå den minnerike dagen..


Sorry Christian, men dei to strammaste karane denne dagen, var nok Noah og Isak  ;-)


Stolt (og litt rørt) pappa med minstejenta si.


Og så var dei blitt Herr og Fru!


Hææ!?
Typisk.. Det er berre å leggje hovudet på skakke, gidd ikkje å redigere..


Må også få med Astrid med alle barna sine, samla på eitt brett...  Ikkje verst!


Tusen takk for ein flott dag!  :-)



.

torsdag 26. mai 2011

Noha-avslutning på Lepsøya


Søndag 1. mai var det tradisjonon tru, avslutning for Noha, koret som Oda syng i.
Det var samstundes avslutning for både Barneforening og Ving, så det var mange som tok turen til Prestegarden på Lepsøya.
Heldigvis var veret nokonlunde, berre litt små-kaldt :-)  Vi hadde med oss grillmat, så søndagsmiddagen tok vi der.

Dette var nok den siste avslutninga for Oda sin del. Ho er blant dei eldste i koret, og tek til å sjå etter andre ting å halde på med. Men vi blir nok å sjå på Lepsøya neste år også, for Andrine er "spenn" klar til å ta over stafettpinnen etter storesøster :-)

Besøk på Fjørtofta

På påskedagane vart det ein tur på Fjørtofta.



Og vi var svært heldige, for det var fleire i familien som også tok turen "heim att" desse dagane.



Mormor laga, som vanleg, mykje god mat, så det vart litt eting...


Sidan vi var så mange samla, fann eg ut at eit familiebilete var på sin plass..


Så med "eit par"  forsøk med sjølvutløyseren, var vi foreviga, nesten heile familien..

Anbefaler likevel at vi tek eit besøk hos ein profesjonell fotograf også  ;-)

Påske 2011..... forts.

Siste del av påska 2011, viste veret seg frå si beste side!
Hæærleg å kunne nyte sol og varme på altanen allereie i slutten av april.


Og trampolina vart brukt flittig heile påska..  Ein del påskesjokolade som fekk utløp der, heldigvis ;-)



Grill-sesongen vår hadde rekord-tidleg start i år.  Påskeaftan hadde Bent storreingjering på grillen, og pølser og kotelettar vart grilla. Nesten sommerferie-følelse!

fredag 20. mai 2011

God helg!


Ynskjer med dette alle som er innom bloggen, ei god helg, og lovar samstundes ei snarleg oppdatering....


:-)

onsdag 4. mai 2011

Kveldsstemning

Så vart det tur til Ulla - på kveldsstid..




Tok med meg Oda og to fotoapparat ein kveld i påska, ut til Ulla.
Vi var ikkje åleine som ville forevige solnedgangen denne kvelden...



Litt seint ute var vi dessverre, men nokre bilete vart det likevel.
Skal ikkje sjå vekk frå at det kjem fleire bilete her på bloggen ;-)

mandag 2. mai 2011

Tur til Ulla

Langfredag måtte vi feire fineveret med å ete middag i det fri :-)


Valget vart Ulla - og pølse med brød på engangsgrill....
Vi fekk selskap av naboane, og det vart nokre fine timar i sola :-)


Litt tidleg for krabbeleiting enno, men likevel mykje å finne i fjøresteinane.
Og så er det viktig å ete kjeks!   ;-)


Kjekt med utedag i godt selskap!