tirsdag 9. august 2011
Litt av kvart - igjen..
Vi har vel vore flinke til å nyte dei få fineversdagane som har vore, og sjølv om temperaturen ikkje har vore så høg, blir det ei lun krå på altanen.
Vi hadde planen med å få beisa altanen og måla rekkverk i år, men vi har ikkje teke oss råd til å bruke fineversperiodane til å "okkupere" altanen til slikt arbeid.. (Ellers så er det ei fin unnskyldning til å ikkje ta til på det arbeidet... ;-)
Hausten 2010 vart vi campingvogn-eigarar, men fekk ikkje høve til å teste campinglivet det året.
Men i sommar skal vi ha campingferie, så då gjeld det å trene seg på korleis det er å bo i campingvogn..
Her er det kveldsmaten som blir inntatt i vogna. Og vi har allereie lært litt: Enkel servering!
Det har blitt lite solnedgang-bilete denne sommaren, dels på grunn av mykje skodde og surver, dels på grunn av ein overtidsarbeidande mann..
Her er eit frå Håneset (ofte brukt utg.punkt)
Oda har fått tilbake ganske mykje av "fallet" ho hadde i håret då ho var mindre.
Sist ho var hos frisøren, vart det brukt glattetang, med det resultat at ho vart minst eit par år eldre!
Så no er ønskelista til bursdagen klar: Glattetang! ;-)
Huskar ikkje heilt datoen, men har sett bilete ved fleire anledningar frå same kvelden.
Himmelen var nesten "skummel", med ein raud-oransje farge over store delar av horisonten.
Og eg var utan barnevakt.. :-(
Svipptur til Fjørtofta
Før vi tok til å feriere for alvor, måtte vi ha oss ein liten søndagstur til Fjørtofta.
Og sola skin som regel på Fjørtofta ;-)
Andrine har funne skalet på ei bille
Mormor og Andrine ser kva ruskeveret har gjort med bringebær-buskene
(Oda var alvorleg bekymra over at det ikkje skulle bli nok bær til Mormors Bringebærsylte!)
Litt av Mormors blomsterprakt
To stk "luremuse"
Morfar har oversikta :-)
Litt meir av Mormors blomsterprakt
Namnam!!
Storebror :-)
Sommarfest i barnehagen
Før ferien startar for alvor, er det tid for sommarfest i barnehagen :-)
Då er det karneval, og for dei som vil ha litt ekstra "stæsj", får ein heldigvis det på bhg..
Veldig greitt for mor, som har 2 prinsesser som skal ut av dørene ;-)
Gjett om vi står stille når det er sminke på gang, då!
Tenk, når ferien er over, er Andrine blant dei eldste på bhg...
- Uglegruppe - here I come!
Disco på asfalten høyrer med :-)
Meir Litt av kvart...
Julekvelden kom veeeldig tidleg i år.. (FØR Jonsok, til og med!)
Den heldige var Lone, som med god hjelp kunne pakke ut ein flott sparkesykkel !
Tusen takk "Tante Nette" ;-)
Jasså, er det der du har hamna?!?!
KVAR ER DU NÅR EG TRENG DEG!?
Det var tendensar til sol og sommar før Jonsok ein gong.. Det er dette biletet eit bevis på :-)
Sola blir vist feira med sjokoladekake også!
Og så må det stadfestast at vi var på Rogne og fekk med oss den flotte framsyninga til Barnegruppa til UL Fram.
Tek gjerne ei reprise! :-)
Litt av kvart...
Har ei runde med å sjå over alle bileta som har blitt lagt inn på pc'en den siste tida - det blir ein del, for å seie det slik .....
Så det vil bli litt hummer & kanari på bloggen ei stund framover (Veit om nokon i alle fall som set pris på det ;-)
Første runde er frå Songerstemnet som Kor For Oss hadde her ute, og Songartoget ut til Ulla.
Ikkje heilt heldige med veret, med det var verdt turen.
Dei to som måtte ut i blåsten saman med mor.. ;-)
Kjentfolk traff vi også!
Dette er faddrane mine, Hildur og Jostein.
Og så nokre bilete av eldste-jentene mine :-)
onsdag 3. august 2011
lørdag 9. juli 2011
Litt oppdatering her, ja...
På tide med eit lite livsteikn, kanskje.. ?
Dagane flyg avgarde, og vi har knapt tid til å henge med. Men kameraet er gjerne med der vi er, så det ligg ein del bilete på data'en :-)
Og her er litt av det eg fann liggande på maskina :
28. mai var det offisiell åpning av Nordøyhallen, med storfint besøk og eit utruleg flott åpningsprogram. Markeringa har nok blitt omtala både her og der, så eg nøyer meg med å seie at VI VAR DER!! ;-)
Må kanskje nemne at Oda saman med barnekoret Noha, deltok i programmet.
(Same helga var det også Korstemne her ute. Satser på å dele nokre bilete av då alle kora var ute på Ulla Fyr)
Hmm.. Sjeldant syn! Fotografen framfor kamera :-)
Måtte berre ta det med ;-) Takk til Andrine som for anledninga var bak kamera.
Første helga i Juni var Pappa Bent på kombinert "business&pleasure" - tur til Stockholm.
Alle jentene var åleine heime, noko dei klarte veldig bra (Må vel kanskje innrømme at mor var litt små-sur dei første dagane.. -Vi vil også ut og reise!!)
For å få tida til å gå, var vi heile 2 turar til Varden på 3 dagar! Kjekt å vere ute når veret også kan spele på lag :-)
Turen til Varden er eigentleg ikkje sååå lang, men med litt leik og tull og tøys, blir det fort nokre timar likevel.
Siste dagen slo Tante Liv følgje med oss også. Kjekt! :-)
Lone er ikkje så flink til å leggje seg om kveldane (- og er desto trøttare om morgonen..), og kan gjerne liggje å lese og syngje for seg sjølv ein times tid.
Som dokke ser er det variert lektyre :-)
Juni-veret har vel ikkje vore allverda til å skryte av i år..
Nokre fine dagar har vi hatt innimellom, men også mange sure og gråe dagar :-(
Ein grå og våt dag jentene skulle i bhg, fann vi fram dei sprekaste fargane vi kunne oppdrive. Neimenn om veret skulle få ta knekken på humøret! Om det er grått ute, kan det no vel vere fargerikt inne!?!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
