lørdag 9. juli 2011

Litt oppdatering her, ja...

På tide med eit lite livsteikn, kanskje.. ?


Dagane flyg avgarde, og vi har knapt tid til å henge med. Men kameraet er gjerne med der vi er, så det ligg ein del bilete på data'en  :-)


Og her er litt av det eg fann liggande på maskina :

28. mai var det offisiell åpning av Nordøyhallen, med storfint besøk og eit utruleg flott åpningsprogram. Markeringa har nok blitt omtala både her og der, så eg nøyer meg med å seie at VI VAR DER!!  ;-)
Må kanskje nemne at Oda saman med barnekoret Noha, deltok i programmet.


(Same helga var det også Korstemne her ute. Satser på å dele nokre bilete  av då alle kora var ute på Ulla Fyr)



Hmm.. Sjeldant syn!  Fotografen framfor kamera :-)
Måtte berre ta det med ;-)  Takk til Andrine som for anledninga var bak kamera.



Første helga i Juni var Pappa Bent på kombinert "business&pleasure" - tur til Stockholm.
Alle jentene var åleine heime, noko dei klarte veldig bra (Må vel kanskje innrømme at mor var litt små-sur dei første dagane.. -Vi vil også ut og reise!!)


For å få tida til å gå, var vi heile 2 turar til Varden på 3 dagar! Kjekt å vere ute når veret også kan spele på lag  :-)


Turen til Varden er eigentleg ikkje sååå lang, men med litt leik og tull og tøys, blir det fort nokre timar likevel.


Siste dagen slo Tante Liv følgje med oss også.  Kjekt!  :-)


Lone er ikkje så flink til å leggje seg om kveldane (- og er desto trøttare om morgonen..), og kan gjerne liggje å lese og syngje for seg sjølv ein times tid.
Som dokke ser er det variert lektyre  :-)



Juni-veret har vel ikkje vore allverda til å skryte av i år..
Nokre fine dagar har vi hatt innimellom, men også mange sure og gråe dagar :-(

Ein grå og våt dag jentene skulle i bhg, fann vi fram dei sprekaste fargane vi kunne oppdrive.  Neimenn om veret skulle få ta knekken på humøret! Om det er grått ute, kan det no vel vere fargerikt inne!?!

mandag 13. juni 2011

Prinsesse Lone

Dyre-glade barn !?!?

No har det seg slik at jentene våre ikkje har eit spesielt nært forhold til dyr, verken store eller små...
(Det lyt vel seiast at mor i huset ikkje er spesielt glad i dei aller minste "dyra", ho heller...)


Eg har ei stund trua med at vi skal anskaffe oss katt, berre for at ungane ikkje skal vekse opp, livredde for dyr...  Oda har uttala at "vil du eg skal flytte, eller.." , så vi jobbar framleis med saka  ;-)




I mellomtida øver vi med naboane sine kattar...

Vekslande 17. mai-vèr


Etter at vi kom heim litt ut på kvelden 17. mai, kom det ei real haglbye...
Det viste seg at den hadde vore veldig lokal.. Verken på Longva eller Haram hadde det hagla (sa dei, i alle fall...)
;-)


Heldigvis kom den ikkje tidlegare på dagen !

fredag 3. juni 2011

17. mai 2011

Årets 17. mai vart feira på Haramsøya, i eit litt vekslande ver, der vi fekk med oss både regn, vind og sol.


Endå ein "bommert"..
Har no lært at eg IKKJE skal rotere biletet når eg behandler det i bildebehandlingsprogrammet, då det roterer seg automatisk når det kjem på bloggen...

Må også få kommentere måten eg har "kutta" føtene til mine håpefulle på...
Dei var då skikkeleg kledd for å gå i tog, uansett kva ver det ville bli, så antrekket er bunad m/ joggeskor/støvlettar.
Ikkje spesielt "lekkert", med andre ord  ;-)



Årets 17. mai - bukett!



Ein liten collage : Når toget skulle starte, kom det nokre dråpar med regn. Då er det kjekt med boblejakke med hette på!
Vi fekk også trua treløveret vårt med på 60-meteren. Heldigvis vanka det både diplom og sjokolade etterpå ;-)



Naboane våre var også kledd for å gå i tog, og paraplyen til Dada var klar for nok ei runde i vinden..  ;-)
Lite ny-tenking når det gjaldt 17mai-leikane i år, men fisking fall i smak, i alle fall hos Lone.



Og så avsluttar vi med å presentere eit flott knippe mai-roser !





Må vise den eine Rhododenron'en min, som var verkeleg flott iår - før vinden kom og tok den....

Trilletur

To små-tupper som er ute og koser seg i vår-sola...


Eit "must" når ein er ute på trilletur, er sjølvsagt mobiltelefonen...
Viktig å vere oppdatert på kva dei andre venninnene gjer på  ;-))