søndag 25. mars 2012

Godt nytt år!

Så får vi endeleg avslutta blogg-året 2011!!


Vi turde ikkje planlegge så voldsomt med feiring akkurat rundt midnatt, sidan vi ikkje visste om ungane klarte å halde seg vakne, eller ikkje..
Men vakne var dei, og sidan veret spelte på lag i år, rusla vi oss ein tur ut for å sjå på alle rakettane :-)


Gjeld å ha utstyret i orden ;-)


Ungane synest det var heilt greitt med stjerneskudd, medan papsen fekk forlysta seg med litt større "saker"


Fekk avtala litt selskap på skuleplassen, også her var (verne)utstyret i orden   :-)



Så får vi seie Godt Nytt År - og så får tida vise om bloggen lever i 2012 også!


tirsdag 20. mars 2012

Farmor Astrid

Her er Farmor Astrid og 3 av barnebarna  :-)


Farmor og Oda



Farmor og Lone



Farmor og Andrine



Fine e dei - alle fire!

:-)

Nyttårsaftan 2011


Sidan Farmor var sjuk Julaftan, var det ekstra kjekt at ho tok turen opp til oss denne kvelden  :-)


Menyen var som vanleg - grisemør....



Heldigvis smakte maten!


Julemiddagen er det alltid Far sjølv som står for, og han har blitt svært flink etter som åra har gått :-)
Og mor i huset er veldig fornøgd, og tek oppvasken med glede  ;-)

mandag 19. mars 2012

Romjulsbesøk på Fjørtofta

I romjula, når vinden hadde løya, var det på tide med eit Fjørtoftsbesøk.

Kjekt at det var fleire som tok turen dit også  :-)





Mat, etterfølgd av meir mat!
Ikkje rart ein blir litt trøtt og "sigen"  ;-)



Har her prøvd å få til eit bilete av gjengen min samla...
Ikkje lett, tru meg!!
Berre tøys..  :-)


Måtte ut å sjekke kva "Dagmar" hadde styra med på Fjørtofta også.
Hadde ruska litt der også, ja...


Kløvningen


På veg bort til Granly


Besøk hos gjengen inne på Granly  :-)

torsdag 15. mars 2012

torsdag 8. mars 2012

Storm på Ulla

3. juledag vart det ein tur ut til Ulla for å sjå på stor-båra.
Oppdaga etterpå at eg hadde teke ein "drøss" med bilete på feil innstilling... (Typisk meg, eller!!)


Treng nok eit fotokurs, eller tre ...


Dette er gøy  ;-)


Litt redigering, så vart det ikkje heilt håplaust likevel  ;-)

"Dagmar"

Romjula 2011 blir nok huska som ei vindfull romjul..
Sjølv om vi var heldige og ikkje fekk nokon skader av noko slag, merka vi både vind og straumbrot.


Og når ein er heldig, kan det vere fasinerandes å sjå på dei skadane som vart..


Ulla - glad eg ikkje var her når det stod på som verst!


Naturkrefter


Stor-trea nede i LarsNils fekk også gjennomgå. Men det er vel kanskje like mykje godt som gale...?  ;-)


Bent fekk lufta motorsaga også - årets romjulstrim... ?

tirsdag 6. mars 2012

Litt meir jul - julegåvesekvensen..

Bileta kom litt hulter til bulter under opplastinga  (-igjen! Skjønar ikkje dette, altså..)


Oda viser fram litt av det som låg under treet.
Fornøgd! :-)


Andrine er også ganske så nøgd :-)


Litt leiking høyrer med når alt er utpakka.
Kjekt med nye leiker!


Pappa'n er god å ha når saker og ting skal monterast ;-)


Eit lite bilete frå julemiddagen sneik seg med her..
Dvs: julemiddag til mor og far, grisemør til barna!


Tante Liv kom på besøk ein tur, og då vart det jammen ein pakke til henne også :-)


Kjekt med litt hjelp når store pakkar skal pakkast ut!


Hmmm... Brannslokningsapparat!!  Kva skal eg med det, tru... ?


JIPPI !!  BARBIEBIL !


Heldigvis ikkje noko brannslokningapparat i øskja... Men ei ny Barbiedokke ;-)