
mandag 13. juni 2011
Dyre-glade barn !?!?
No har det seg slik at jentene våre ikkje har eit spesielt nært forhold til dyr, verken store eller små...
(Det lyt vel seiast at mor i huset ikkje er spesielt glad i dei aller minste "dyra", ho heller...)
Eg har ei stund trua med at vi skal anskaffe oss katt, berre for at ungane ikkje skal vekse opp, livredde for dyr... Oda har uttala at "vil du eg skal flytte, eller.." , så vi jobbar framleis med saka ;-)
I mellomtida øver vi med naboane sine kattar...
Vekslande 17. mai-vèr
Etter at vi kom heim litt ut på kvelden 17. mai, kom det ei real haglbye...
Det viste seg at den hadde vore veldig lokal.. Verken på Longva eller Haram hadde det hagla (sa dei, i alle fall...)
;-)
Heldigvis kom den ikkje tidlegare på dagen !
fredag 3. juni 2011
17. mai 2011
Årets 17. mai vart feira på Haramsøya, i eit litt vekslande ver, der vi fekk med oss både regn, vind og sol.
Endå ein "bommert"..
Har no lært at eg IKKJE skal rotere biletet når eg behandler det i bildebehandlingsprogrammet, då det roterer seg automatisk når det kjem på bloggen...
Må også få kommentere måten eg har "kutta" føtene til mine håpefulle på...
Dei var då skikkeleg kledd for å gå i tog, uansett kva ver det ville bli, så antrekket er bunad m/ joggeskor/støvlettar.
Ikkje spesielt "lekkert", med andre ord ;-)
Årets 17. mai - bukett!
Ein liten collage : Når toget skulle starte, kom det nokre dråpar med regn. Då er det kjekt med boblejakke med hette på!
Vi fekk også trua treløveret vårt med på 60-meteren. Heldigvis vanka det både diplom og sjokolade etterpå ;-)
Naboane våre var også kledd for å gå i tog, og paraplyen til Dada var klar for nok ei runde i vinden.. ;-)
Lite ny-tenking når det gjaldt 17mai-leikane i år, men fisking fall i smak, i alle fall hos Lone.
Og så avsluttar vi med å presentere eit flott knippe mai-roser !
Trilletur
To små-tupper som er ute og koser seg i vår-sola...
Eit "must" når ein er ute på trilletur, er sjølvsagt mobiltelefonen...
Viktig å vere oppdatert på kva dei andre venninnene gjer på ;-))
Abonner på:
Innlegg (Atom)