Og idag har ho bursdag !!
Familien Otterlei Austnes gratulerer så mykje med dagen.
Vi gler oss til helga!
Eigentleg skulle ho vel heite Tora, for den natta veane starta, var det eit retteleg uver, med lyn og torden. Regnet kom i bøtter og spann, og for oss som hadde gløymt å late att vindauga på bilen dagen før (då hadde det vore strålande sommarver...), vart det ein våt biltur inn til sjukehuset. Men som Bent sa, då gjorde det ingenting om vatnet skulle gå (!)
Onsdag hadde vi besøk av Malin, dei ordna seg egg til lunsj (-og is til dessert!)


Her er gjengen på veg ut av støa...
Til sommaren høyrer det til litt bærplukking.
No er ikkje våre ungar dei største bær-etarane, men dei er veldig glade i heimelaga sylte og saft ("Mormor-saft") Og vår faste leverandør kjem frå Fjørtofta, som lagar nydelege produkt, heilt utan e-stoff :-)
No skulle eigentleg ungane stått og plukka litervis med bær, slik at vi kunne bidra til safting og sylting... Men nei, til og med det må Mormor gjere sjølv! Dei bæra som blir plukka, er berre fordi det er gøy - så lenge DET varer..