Og slik ser verdas flottaste øy ut ein fineverskveld (Heilt objektivt sagt..)
Og sidan begge jentene somna i baksetet på veg heim, var det berre å nytte høvet til å ta nokre nye bilete ut gjennom bilvindauget:


Men veka har vore hektisk med mange avslutningar og festar (Kvar einaste dag!!), så vi fann ut at discoteket fekk gå føre seg utan oss i år..
Temaet dei har jobba med dette året, har vore Hakkebakkeskogen. Så med litt hjelp av smukken og mamma, fekk Lone "bli med" på framføringa av nokre av historiene dei har jobba med.
Og så måtte vi "kjøle" oss ned med ein is.. Onsdag hadde vi jentene som får lov til det, ein lang frokost med barne-tv. Så fann vi ut at vi skulle trille til barnehagen med Andrine. Den turen gjekk i Andrine-tempo, og når vi i tillegg var innom skulen på veg til bhg, og butikken på veg heim, vart det seint før vi kom oss heim. I tillegg traff vi Hedda og mamma'n på bhg, så vi brukte litt tid der også..
Så når vi kom heim, var Lone veeeldig trøtt. Etter kun nokre få matbitar, enda det slik......
Takk for ein fin fredagskveld, damer! Eg set stor pris på dokke :-)