søndag 29. april 2012

Lone-jenta vår ♥

Lone er ei sprudlande god-jente, med bestemte meiningar ;-)
Ho likar både "små-puslerier" og litt action. Er glad i å teikne og skrive, leike med barbie-dokker, og synge og danse. Ho er raus med klemmane sine, samtidig som det kan smelle litt i dørene (-ho veit kva ho vil!!)
Ho ser opp til storesøstrene sine, og vil meir enn gjerne gjere det dei gjer.


Svært kjekt er det å kunne stå framfor sitt eige publikum.
Her for anledninga med sjølvskriven tekst  ;-)


Ikkje noko å seie på innlevinga, i alle fall!

Tenk - no er veslejenta vår 4 år...

Lone 4 år !


Hurra!

8. februar 2012 vart endeleg Lone-jenta 4 år.

Det vart ikkje feiring på sjølve dagen, då mor var bortreist på kurs. Men dagen etter var det feiring med barneselskap, muffins og brus. Som først ute av 4-åringane i kullet, var det sjølvsagt litt stas å kunne ha selskap. Eller "skelskap", som Lone seier :-)

Det vart dessverre ikkje teke så mange bilete av kvalitet denne dagen, til det var det litt for hektisk  ;-)

Men dagen var nok vellukka, for Lone har allereie teke til å planlegge 5 års dagen!!

Retro... ?

Det var ein gong.....




Ei tid etter jul var det tid for litt julemiddagsrestar.
Og då vart det servert drikke til maten, på den gode gamaldagse måten  ;-)
Både eg og Bent har minner om bestemødre som serverte brus med hol i toppa. Å få sugerør var vel heller sjeldan, men når vi skulle servere det til ungane, kom vi til at det måtte vere tryggast.

Veit ikkje heilt kva ungane tenkte, når vi forklarte at småbrus i plastflasker ikkje fantest på den tida då vi var små.  Og heller ikkje kva dei tenkte når eg sa at Bestemor brukte å ha litt smør i holet, slik at det vart brus neste gong eg kom på besøk også..

Hmmm...  Det var tider det!!  :-)


lørdag 28. april 2012

Ferie-venninner


Kjekt med ferie-venninne i nabo-huset :-)

mandag 23. april 2012

Tur til Haram 8/1

Då det er vanskeleg å få lasta opp mange bilete på ein gong, blir det litt stykkevis og delt..
Men HER er siste biten av turen vår  ;-))


Go'jentene mine - fortsatt blide etter fleire timar ute i kald vinterluft.


Litt artig effekt, men spegelbilete i isen skulle kanskje ha vore litt tydlegare..
Men fotomotiva skal ha all ære for at dei klarte å stå såpass lenge i ro, at mor fekk prøvd å knipse bilete!


Siste kjekspausa før turen inn att.


Sola på veg ned i havet.


 På veg inn att stoppa vi for å grille pølser.
Godt å varme kalde fingrar ved varmen  :-)

Tur til Haram 8/1

Fortsatt tur til Haram!


Her har vi komt oss ut til Stavneset.
Sola er lavt på himmelen, og det er fasinerandes å sjå korleis båra bryt.


Og så er det viktig å få skrive namnet sitt i boka - heilt sjølv  :-)
Lone, snart 4 år.


Og er ein heilt yst på Haram, får ein sett Ulla Fyr frå ein litt anna vinkel.


Store-jenta mi, i lav vintersol :-)

søndag 22. april 2012

Tur til Haram, 8/1

Mange bilete vart teke på denne turen...
;-)
Litt vanskeleg lys, lav vintersol, nærmast oransje til tider.


Dei tre flotte jentene mine  :-)



Mykje rart å finne i fjøra.
Lommene til Lone blir raskt fulle av skjel, steinar, og eit og anna krabbeskal..


Artig å å gå i rullesteinane!


Pappa og Lone etter ein klatretur på ein av dei større steinane...

Tur til Haram 8/1

Etter ein dag med mykje god mat, vart det heldigvis godt ver.
Så då kunne ein ta til på målsettinga om eit nytt og betre liv igjen..   ;-)



Turen vart lagt til Haram, med fotoapparatet på slep.
Her er Haramsneset, ein disig varant sådan.


Ein del uredigerte bilete denne gongen.
Sjølv om det er kjekt å "pynte" på resultatet, tek det så innmari med tid...


"Båre-bilete" er vanskelege, men spennande å prøve seg på :-)

Litt meir Fjellbu-besøk..

"Systemet" takla ikkje å laste opp fleire bilete, derfor litt oppstykka..


Fritt for å hjelpe Tante Lisbeth på kjøkkenet!
Det kan nemleg løne seg av og til..  ;-)


Mykje god mat på eit lekkert pynta jule-bord!

Fjellbu-tur

Jula var visst ikkje heilt slutt enno...


1. laurdagen i 2012 var det tid for middagsbesøk oppe i Fjellbu.


Så målsettinga om eit nytt og betre liv, vart sett litt på vent..   ;-)
(Mykje god mat med andre ord)


Fine Marit :-)


Torstein er nøgd med å vere heime med Mor og Den gode maten!


Hmm...  Morfar igang med Top Model-boka si  ;-)

                                     

Bjørnar tek seg alltid tid til å vere saman med jentene :-)


Sett på maken!
Her er Morfar igong med strikking!
;-)

lørdag 14. april 2012

2012 !!!

Så vart det litt blogg-aktivitet i 2012 også - så får vi sjå kor lenge det varer....


Nytt år, og tid for nyttårsforsett...
På årets første dag vart det fjelltur på jentene, og spikre-plate-tur ned i kjellaren for far.
Jaja, ein god start vart det i alle fall  ;-)


Såg ut til at "Dagmar" hadde hatt seg ei runde her også..
Men tre som har velta over råsa, er sjølvsagt inga hindring!


"Varden" vart endestasjonen denne gongen. 
Fort mørkt, oppdaga vi etterkvart...


Så vart det ei lita runde innom barnehagen, før vi tusla oss heim att i mørkret - på fortauet..