mandag 28. februar 2011

Diverse frå Januar 2011

Sidan vi stadig jobbar oss frampå når det gjeld å oppdatere bloggen, kjem her eit lite "oppsamlings-heat"



Lone synest at å bli sminka av storesøstrene, er stor stas.
Slik går det når ho finn sminke-skrinet sjølv...   Jepp, rosa er gode greier  ;-))



Ikkje alltid ein har ein pappa som sit i ro, men når det først skjer, er det best å nytte sjansen...


Det lyt vel nemnast at det var fotball på tv'n (!!), sjølv om pappsen ikkje såg så veldig mykje av den på slutten...



Rommet til Andrine tek saaaaakte men (u)sikkert til å bli klart, og i januar fekk vi kjøpt ei skåp til rommet.
Monteringa tok ikkje så lang tid i alle fall, kjekt med gode hjelparar..  eller..?



Og før Andrine flyttar inn på rommet sitt, prøver Oda å nøyte seg mest mogleg..
Kjekt å ha venninner på overnatting!

Andrine slår seg laus...

Vel....  Dette talar vel for seg sjølv...


Andrine likar publikum, det er nok ikkje noko nytt..  ;-)

Gitaren ho fekk frå Tante Lisbeth til jul, er som regel med når ho framfører eigen-komponerte songar..

".....  i mitt hjerte...."  (- og fleire strofer i den duren!!)

Fjørtoftsbesøk


På nyåret fekk vi besøk av Mormor og Morfar, og det er alltid like kjekt :-)

Naboer & Venner


Etter ein frisk akedag ute, er det godt å komme inn og varme seg på ein kopp kakao :-)

onsdag 23. februar 2011

Tøff om natta - tøff om dagen... ??


Må berre publisere ein liten serie, teke på årets første dag...

Slik går det når ein skal halde tritt med storesøstrene, og få med seg nyttårsrakettane... Då blir det hardt å halde seg våken dagen derpå :-)

(Det vart middag på Lone også  -  etterkvart...   ;-)

mandag 7. februar 2011

Hipp hurra!


Tirsdag 8. februar blir prinsessa vår heile 3 år!

Vi gratulerer så mykje med dagen.

Pølse med brød og sjokoladekake er bestilt, så ei lita feiring blir det nok på dagen :-)

Veldig glad i deg, lille vennen vår!

Nyttårsaftan 2010

I år skulle vi feire Nyttår heime på Haramsøya, for første gong på lenge..
(Andrine veit vel ikkje om anna enn nyttårsfeiring på Fjørtofta)


Kvelden hadde (heldigvis ?) ikkje så mykje action som Julekvelden.
Vi tok det med ro, sløva litt, åt mat, såg fjernsyn, åt litt meir mat...  Heldigvis kom Farmor og Onkel Nils og heldt oss med selskap :-)


Kvelden vart nok litt langdryg for dei som absolutt skulle vere oppe til midnatt, men dei heldt ut.
Lone underheldt oss med litt sang og musikk, og korta ned ventetida med det ;-)


Og så endeleg kunne vi gå ut og prøve å skyte opp dei stakkars rakettane vi hadde.. I vind og sludd vart det berre sånn passe stemning, men vi fekk no gjort det i alle fall :-))

Heldigvis var vi ferdige før tolv, så då sette vi oss i bilen, køyrde ned på vegen, og fekk sett litt fleire rakettar der.. Og det var mange flotte rakettar rundt omkring, trass veret!
Og det viktigaste av alt, - vi var varme og tørre..  ;-)

fredag 4. februar 2011

Kjekt besøk


På sjølvaste nyttårsaftan fekk vi eit sjeldant, men koseleg besøk.
Ove tok turen innom, på veg til nyttårsfeiring på fastlandet.
Sender med dette ei lita helsing til Ove og Ingvill i Bergen: Håper dokke har det bra! :-)

Sender også ei helsing til dei to andre "gutane mine" i Bergen også  ;-)

Fleire Fjørtoftsbilete..


Publiserer nokre bilete til frå øya mi, framleis nydeleg ver den 28. desember 2010.


Dessverre var ikkje Morfar heilt i form medan vi var på Fjørtofta, her har vi pakka han godt inn i eit pledd  ;-)
Og nokre dagar seinare var det Mormor sin tur å bli sjuk..  Ikkje heilt optimal julefeiring der i huset, dessverre..

Juletrefest

3. juledag, er det tradisjonen tru, Juletrefest på Fjørtofta. I år var det Otterleia som skulle arrangere, og då måtte vi sjølvsagt ta turen.


Kjekt var det at det var fleire Fjørtoftingar frå Haramsøya som hadde teke turen :-)
Sjølv om det ikkje er skule eller bhg att på Fjørtofta, kan dei ungane som vil, ta turen opp på scena for å "vise seg fram" og synge nokre julesangar. Må berre seie at Lone og Celine imponerte med å kunne mykje! Lover godt for framtidige juletrefestar, dette ;-)
Må også nemne at Anette var sporty og stilte opp på piano til gangen rundt treet, då pianisten måtte melde forfall.
Det må også nemnast at Anette feira bursdag denne dagen..  Hipp Hurra!!!!

Fjørtoftsbesøk

3. juledag var det tid for eit Fjørtoftsbesøk..


 Nok ein kald og strålandes fin dag på Sunnmøre. Snøen hadde fått eit grovt lag av snøkrystallar på overflata, noko som laga mange fine motiv for kamera.. I tillegg laga den lave sola eit fantastisk lys over snøen!
Den som berre kunne lære seg å bruke eit kamera på rette måten!!  Sukk...


Ungane hadde det kjempegøy ute i snøen. Dei store snøkrystallane vart til diamantar, og dei vart selde til ein "stiv" pris...  ;-)


Godt med ein luftetur innimellom all etinga, ein er som kjend aldri særleg svolten når ein er på Fjørtofta ;-)

tirsdag 1. februar 2011

På julebesøk


Romjula er også tid for julebesøk, og 2.dag var det "Nedstegarden" oppe i Fjellbu som fekk besøk.
Besøket blir representert av Live, slik at vi samstundes kan gratulere henne med vel overstått 3 års dag :-)
HIPP HURRA!

1. juledag 2010


Den første dagen i romjula forsov vi oss til både kirke og skiløyper.. Men jammen var det ikkje godt å få ligge lenge, og etterpå ete ein god og lang frokost :-) 
Dagen viste seg frå si beste side, knallblå himmel og minus 9 grader. Sjeldan kaldt, heldigvis..
Eigentleg burde vi ha pakka ski og sekk, og køyrt bort til sola på Longva, sidan det er "mørketid" hos oss. Men då burde vi kanskje ha vakna litt før.. ?
Men ingen i familien Ottaus kan skryte på seg å vere nokre ski-atletar, så vi kom til at litt trening på eiga mark, ikkje kunne gjere noko skade. I dei flotte løypene på Longva kunne vi no risikere å treffe folk ;-))