tirsdag 31. august 2010

Fleire bursdagsbarn....

Vi er no inne i ein god "stim" med bursdagsbarn for tida.....

Onsdag 1. september fyller Ove år, og vi sender ein stor bamseklem nedover til Bergen :-))
Helsar samtidig til Ingvill, og synest ho bør bake kake idag ;-)
Håper dokke har fått det fint i leiligheita!




Så må vi ikkje gløyme Super-Tante-Liv!!!
Ho fyllte år på måndag 31. august, reknar med dagen vart feira med litt trim eller noko anna fornuftig ;-)
Tusen takk for at du er så flink til å stille opp for oss, du er gull verdt!!!

mandag 30. august 2010

Gratulerer - endeleg 4 år!

HIPP HURRA FOR ANDRINE!



Endeleg er dagen her!
No har du blitt 4 år, akkurat som "alle" dei andre ;-)


Dagen skal feirast med selskap, med 11 gjestar (phuuu...), kaker og brus.
Håper du får ein flott dag, vennen!

Mamma, pappa, Oda og Lone er svært glad i krølltoppen og "virrelusa" vår :-)

søndag 29. august 2010

Blomster-fe

Det er ikkje alle som er så heldige at dei har ein EKTE blomster-fe i hagen sin...

EG er så heldig! ;-)

onsdag 25. august 2010

Sommerferien - dag 6

Når vi først var i Telemark, måtte vi no få med oss litt av Telemarkskanalen. Så vi tok ein liten omveg innom Ulefoss for å få med oss litt sluser...


Må få med eit bilete av ei av sovestillingane Andrine hadde i løpet av turen. Og det bør vel nemnast at vi frå desse sengene fekk vi med oss eit ekstra ferieminne frå Telemark...
Oda fekk rekorden med ca 200 loppe-/insektsstikk!!!!! FYSJOM! :-((



Det vart seint før vi kom fram til Lillehammer og Øyer.
Men ungane som hadde sove store deler av turen oppatt, hadde det storveges med "Velkomstgåva" frå hotellet - ei prompe-pute! (Say no more..)

Sommerferie - dag 5 (Bø Sommarland)

På dag 5 av ferien vår, vakna vi til eit strålandes ver og temperatur :-)
Tenk å vere så heldige med å planlegge tur til badeland!!!


Men Bø Sommarland vart snart omdøpt til "Kø i Sommarland".... Det var visst fleire som ville nyte fineveret! Så etter at vi fekk trykt ned ein handduk ved familie-bassenget, vart vi der verande... Ingen sklier og æksjen på oss, nei... Trur ikkje vi hadde det store behovet heller ;-)

Men ein fin og varm dag likevel, og vi tek gjerne ein tur til når ungane har blitt større.
Tips: Kjøp 2-dagers billett, ein rekk nemleg ikkje over heile parken på ein dag!!


(Nemnde eg at vi traff kjentfolk her også?)

søndag 22. august 2010

Sommerferien Dag 4

Det var godt å vakne på hotell, sjå litt tv på senga, og ete ein god hotellfrokost (- og IKKJE ta oppvasken etterpå!)
Etterpå måtte vi rusle litt i storgata i Lillehammer, vi hadde no sett miniatyrutgåva dagen før..

Og medan vi var på Lillehammer, ringde Tante Åse og sa at ho hadde teke seg ein "svipptur" oppover. Henne møtte vi på Strandtorget, så fekk vi tatt ei runde der også ;-)
Og så måtte vi forberede oss på turen nedover til Bø: For feriepengane ungane fekk av besteforeldra, vart det kjøpt DVD-spelar for bil!! Ei meeeget god investering, spør du meg... ;-)



Godt at ungane søv godt i bil, elles hadde nok turen til Bø i Telemark vorte lang, til og med med DVD-spelar..

Sommerferien Dag 3

Dag 3 av sommerferien 2010, vart brukt på Lilleputthammer.
Så etter ein god frokost, var det å pakke i bilen igjen, og sette kursen for Lillehammer.

Det var meldt regn til denne dagen, men heldigvis kom ikkje det før på slutten av opphaldet vårt. Og ungane kosa seg, ikkje stress for å rekke mest mogleg, men akkurat det vi hadde lyst til..


Og Lilleputthammer er akkurat passe stor og variert for ein ettermiddag.
Og akkurat stor nok til at ein treff på kjentfolk ;-)


Natta tok vi på Birkebeineren Hotell på Lillehammer. Og heldigvis hadde dei Disney Channel...

mandag 16. august 2010

Sommerferien Dag 2

Dag 2:

Det vart seint før vi kom oss i seng, så dagen etter at vi kom opp til hytta, sov vi lenge alle mann.
Men nokon vakna litt raskare enn andre då dei høyrde at det "bjella" på utsida av hytta...
Ikkje akkurat som å sjå hjort på avstand, dette nei ;-)



Sidan det er eit stykkje til næraste leikeplass, måtte mor og far bli med utanfor gjerdet og aktivisere gjengen litt..


Prøvde oss ein liten tur for å helse på både ku og sau, men verken mor eller dei 3 døtrene hennar var så glad i dei nyskjerrige og viltre dyra.. Så vi gjekk ein annan veg :-)



... Men kuene hadde nok forstått kvar vi heldt til, så dei stod tolmodige og venta på oss når vi kom tilbake frå turen vår...


Sommarferien 2010 - Dag 1

Vi kom oss faktisk på ferie i år også... Ei heil veke til endes!

Så i mangel på andre ting å blogge om (-lite nytt i familien OttAus for tida), blir det litt feriebilete... :


Dag 1:
Starta med å reise til Molde for å besøke Molde-tantene, pluss få med oss litt jazz-stemning.
Med flott ver, vart det ein fin start på ferien.


Litt trangt om plassen i gatene på Molde, men Tante Liv er by-vandt, så vi fekk sitjeplassar til slutt.. ;-)

Og etter ein lang Molde-dag, var det å setje kursen mot Lora, ein ca 3 timers biltur.
Prøv å gjett kor mange som sov i bilen oppover, då?? Riktig svar er 1 - og det var mor...



onsdag 11. august 2010

Gratulerer!

HIPP HURRA FOR EMIL SOM FYLLER 15 ÅR IDAG!!



Idag, onsdag 11. august, er det 15 år sidan eg vart tante for siste gong...

Vesleguten vår har no snart blitt hovudet høgare enn tanta si, og helt for mine små-frøkner :-)
Han er ein allsidig kar, men trivast ekstra godt når han får komme seg på sjøen.

Håper mamsen har baka kake - eller vart det pizza? - slik at du får feira dagen!


Gla i deg, "lille" venn ;-)

tirsdag 10. august 2010

Retting..


Har vore så heldig å få bilete nr 2 på trykk i Haramsnytt i forrige veke.
Men eg har ein liten tilståelse....
Det var ikkje eg som stod bak kameraet denne gongen..

Presenterer her eit litt tydlegare bilete enn det som stod i HN - med rett namn på fotografen :


Bent Hallbjørn Otterlei Austnes

mandag 9. august 2010

Ny sofa!

Endeleg har vi starta på "prossessen" med å fornye stua!


Då vi starta å kjøpe møblar til felles bo, rakk vi akkurat å invistere i 2 stk grøne sofa + furumøblar før trenden tok til å snu.. Det vil då seie at vi ikkje akkurat har vore heilt "up to date" den siste tida ;-)

No har endeleg den eine (!) grøne sofaen fått seg ei kvilepause (- etter 16 år), og furumøblane venter på eit målingsstrøk eller fleire..


Som dokke ser, så har den nye sofaen teke over oppgåva til den gamle!
Jaja....

torsdag 5. august 2010

Gratulerer med dagen!

Idag, 5. august, har verdens beste mamma og Mormor, bursdag!!


Vi kjem over fjorden for å gratulere med dagen, og satser på at du har ei kake på lur ;-)
(For vi har dessverre med ingenting..)
Ps: Alle blomstrane på collagen er frå Mormors eigen hage!

På besøk på Granly

Under Fjørtoftsferien vår, stod det også eit besøk hos gjengen på Granly, på plakaten :

Ute hos Storebror på Granly, er det alltid litt action :-)
Mange som likar å "søse og hærje"... Kven tenkjer vel på den som skal leggje 3 oppgira jenter etterpå?! Hmmmm....

;-))

Fjørtoftsdagar del 2

Her kjem fleire ferieminner frå Fjørtofta:

Endeleg litt sol...
Og Lone har full fart på 3-hjulingen!!



På Fjørtofta brukar vi å "drikke kaffi"...
Dvs ein kaffikopp og noko å bite i ein stad mellom middag og kveldsmat.. Og i følge Oda bør det gjerast på stua, det blir ikkje heilt skikkeleg om det er på kjøkkenet ;-)
Mormor er "rå" på sjokoladekake, og når vi har klart å ete opp ei kake, bakar ho ei ny! Kjekt med hjelp til å slikke sleiva, då..


Støa "vår" er ei lita perle, og kjekt er det å teste badetemperaturen - OG å fiske krabbe!
Ekstra kjekt er det å få hjelp av Morfar, som har laaang erfaring i krabbefisking :-)



ENDELEG nokre skikkelege solnedgang-bilete!
Har venta nesten ein heil sommar på slike bilete...






Lett blanding her, ja..
Her er bl.a då vi traff familien Fjørtoft på skuleplassen, og frå besøk på Nygjerdet med AnneGrethe og Øystein.