torsdag 27. mai 2010

Ut på tur - aldri sur :-)

Vil med dette ynskje Anette god tur - på tur nr 2! ;-)

Samtidig får eg høve til å publisere nokre bilete tekne i helga... ;-)
Kjekt med motiv som klarer å sitje stille, berre under "litt" tvang.. hehe....




Trur eg veit om nokon som vil sakne deg desse vekene, Anette... (Jada, vi andre også!!)

onsdag 26. mai 2010

Vi gratulerer!!

I løpet av tre dager, har vi 3 "bursdagsbarn" i familien!

Hipp hurra for Noha som fylte 5 år den 25.!

Gratulerer til Tante Åse i Oslo som fylte år idag, den 26.

Og så forventer vi kake hos Onkel Nils i morgon, den 27...

tirsdag 18. mai 2010

Hipp Hurra!

Så var denne 17. mai-feiringa over, og våren er offisielt "åpna"!

Planen var at ingen i Familien Otterlei Austnes skulle ha på seg bunad i år, i solidaritet med mor som ikkje har bunad (- eller for liten bunad...) Posten spelte derimot ikkje på lag denne gongen, så på laurdag starta jakta på 17.mai-kle!
Resultatet vart bunad på alle likevel (- unntatt mor, som har for liten bunad, ja...) ! Og når eg ser resultatet, er eg glad det vart slik likevel. 17.mai og bunad høyrer liksom litt ihop..



Det vart tradisjonell feiring i år også. Vi rakk som vanleg ikkje Gudstenesta (tradisjon!), men hadde til gjengjeld god tid til toget. Andrine var flink og gjekk heile vegen frå kyrkja til skulen, noko Oda også gjorde (vi hadde pappsen i bil bak toget om magen skulle slå seg vrang..)
Som Fjørtofting er eg svært glad i at dei har starta med å selje brennsnut på skulen - det høyrer med til ein 17.mai!!

Etter middag og kaker, var det leikar på skuleplassen. Litt småregn trua med å gjere det litt surt for oss, men det ombestemte seg heldigvis.

Det som det ikkje er bilete av, er at mor var med på å kaste hestesko, og gjorde det overraskande bra! Ho hamna rett bak vinnaren i kvinneklassa! Så er det nemnt, det også... ;-)


Må slenge med eit bilete av Oda som poserer framfor eit bilete av tantene sine, der den eine har på seg den same bunaden som Oda brukte idag.
Biletet er teke i 1961, så bunaden har ei lang karriere som stasplagg i familien Austnes.


Små-pjusk...

Det som aldri slår feil, er at når det nærmar seg ferie eller fridagar, blir nokon av oss sjuke...
Denne gongen har vi verken kasta opp eller sprunge på do (!), men litt små-rusk vart det no denne helga likevel..

Bent har vore litt små-uggen og har hatt feber. På biletet har han fått selskap av Lone, men ho tek seg heldigvis berre ein lur..

Det som eg synest var litt verre, er at Oda mest sannsynleg har fått att magesmertene sine som ho fekk i samband med borelia-infeksjonen i haust..
Så det har vorte nokre turar på sofaen denne helga, dessverre :-(

Ute-middag!

På Kristi Himmelfartsdag kom sola og litt plussgrader til Sunnmøre, så då var det berre å finne seg ei lun krå og starte grillsesongen!
Kjekt å kunne få høve til samle litt fleire fregner, og sjølv ei grillpølse smakar bra når ein kan ete den ute ;-)


Fjelltur

Ikkje ofte at eg spring på fjellet utan at ungane er med (- ikkje så ofte med ungar heller, når eg tenkjer etter..) Men her ein kveld fekk eg ein "invitasjon" eg ikkje kunne takke nei til! Sjølv om det var kaldt, fekk vi skikkeleg vår-fornemmelsar..
Satsar på fleire lyse vår-kveldar, og kanskje fleire fjellturar!?!

Måtte berre ta bilete av alle postane vi var innom... 3 postkasser på same turen er ikkje kvardagskost! Ikkje for meg, i alle fall ;-)



Sidan sist....

Lenge mellom kvar blogging for tida....

Prøver meg på ei lita oppsummering, då fotoapparatet blir brukt flittig, sjølv om ikkje alt blir lagt på nett :-)

26. april feira vi Farmor Astrid 85 år. Då kom "favoritt-tante" Liv på besøk, noko som alltid er populært.
Sjølv om Farmor Astrid ikkje var heilt frisk, trur eg ho hadde ei fin feiring likevel. Ein del telefonar vart det, i alle fall... ;-)






Koret som Oda syng i, Noha, har som tradisjon å avslutte sesongen på Prestegarden på Lepsøya. Det vart ikkje sykling på oss i år heller, men sidan det var litt surt og kaldt, trur eg det var like greitt.
Kjek tur, uansett ver og temperatur!



Tv'en vår er på reparasjon for tida, og før vi fekk på plass ein låne-tv, var der plutseleg ei ledig bordplate på stua. Og kva skal vi no bruke den til..? Jepp, scene såklart!!!
Tidleg krøkast som ei lang karriere på Framtun skal ha... ;-)


tirsdag 4. mai 2010

Ut på tur..

Lite blogging for tida....

Men må berre leggje ut nokre bilete frå ein flott tur vi hadde ein søndag for ei god veke sidan:-)


Ullaholmen er ein spennandes plass, sjølv om det ikkje var den store distansen som vart tilbakelagt... Einaste minuset er at der er "dyr" ;-)




Seinare blir det vel meir av holmen som kan bli utforska, etterkvart som føtene veks...




Så får vi takke Onkel Nils og Tante Liv for at dei ville ta turen saman med oss!