onsdag 30. desember 2009

Mimre...

Før jul hadde eg ei lita runde på gamle bilete, og då dukka denne lille "snutten" opp....

Den viser Oda på julaftan -05 :-)

Ho hadde vore ein tur innom badet, medan vi vaksne held på å laga til middagen.

God fornøyelse ;-)

Julekvelden 2009

Slik var Julekvelden hos familien Otterlei Austnes -i korte trekk- året 2009.

Tradisjonen tru, kjem ikkje juletreet i hus før rundt midnatt vesle-julaftan hos fam Otterlei Austnes....
Sidan vi i år klarte i misse eska med juletrelys i golvet, før dei i det heile kom på treet... , gjorde at vi vart vi ekstra forseinka.. Ikkje hadde dei resverve-pærer på butikken heller, så vi måtte på bygda for å låne ny lys-slynge..
Men treet vart pynta før kl 17, altså..!

For å korte ned på ventetida, brukar ungane å få åpne ein pakke på føremiddagen.
Oda var svært nøgd med sin DS, og Andrine med sin Hello Kitty-lego :-)

Vi hadde besøk av Farmor og Onkel Nils til middag.
Etter middag var det siste episode av Jul i Svingen, før vi måtte kvile oss på sofaen igjen. (Bent er middagstrøtt)



I år var nok "temaet" Hello Kitty!!
Vi nemner kle, pledd, koppesett, shampoo, tøfler, teiknesaker... Populær katt, dette ;-)

Prøvde å ta bilete av jentene framfor juletreet, men å ta fellesbilete, er heilt mislukka..
Aldri er dei konsentrerte samtidig!!!!!!!!!
Berre å kvi seg til neste års julekort-fotografering........
TUSEN TAKK for alle julekort og julegåver vi fekk i år. Jentene var veldig glade og fornøgde når dei endeleg kom seg til sengs :-)

"Førjulsprøvesmakefest-blemme".....

Sorry Lars...

Måtte berre...

Etter dette har Lars fått eit nytt mellomnamn : Klevstrand!

Jepp! Ein smule internt... Hehe!!

Førjulsprøvesmakefest!

Har ikkje publisert bilete frå årets Førjulsprøvesmakefest...! Betre seint enn aldri.
Så får vi håpe at dei innvolverte synest det er greitt med publisering...... (Hehe...)

Årets vertar var Inge og Elisabeth. Dei hadde laga til eit nydeleg bord med mykje god mat.
Og i år hadde vi jubileum: 10 år sidan vi første gong møttest på Ulla hos Grete og Åsmund!


Og Elisabeth hadde ordna med artig selskapsleik. (Det synest i alle fall eg, men så vann eg no også, då... :-))

Og resultatet av leiken er utgangpunktet for kven som skal åpne gåve først...
Grete viser fram sin stokke-haldar (?!?)


I anledning jubileumet, hadde Lars tromma saman ein jubileums-konkurranse :-)
Etter ei runde med stein-saks-papir, var det Elisabeth som vann den siste spm-runda.
Neste år er det underteikna med sin betre halvdel, som er vertar. Så er det nokon som har forslag til selskapsleik, tek vi imot med takk :-) Vi har allereie teke til med planleggjinga....



torsdag 24. desember 2009

Nissebesøk

Vesle-julaftan fekk vi uventa besøk av 5 nissar!
Aner ikkje kven dei var, men hyggeleg var det uansett :-)

Andrine var vel ikkje heilt bekvem med besøket, og fann ut at det var best å finne ein stor og sterk pappa ;-)
Lone derimot, syntest det var heilt greitt - ho fekk no sjokolade!!!




Førjulsbesøk!

Den 4. helga i advent hadde vi førjuls-besøk.
Tante Liv var på besøk hos Farmor, noko som alltid er populært :-)
Søndag hadde mor i huset bursdag, så då fekk vi Fjørtoftsbesøk.

Kjekt med besøk :-)
Kom snart igjen!



Litt julebakst har vi fått tid til, sjølv om det ikkje har blitt 7 sortar..
Og årets pepperkakehus, vart eit pepperkake-tog!! Er kjempeførnøgd med det, blir nok denne varianten fleire gongar :-) No står det og ventar på at vognene skal bli fyllte opp av godteri..

Førjulstid........

Førjulstida hos Familien Otterlei Austnes blir berre meir og meir hektisk.. Sjølv om ein tidleg i november legg planar om at i år skal ein vere tidleg ute, og i år skal vi sette av tid til å kose oss, så "skjer" det seg KVART år!!!
Men no er dagen her, den kom likevel... Så då får vi blogge det vi ikkje har hatt tid til tidlegare....

Litt julepynt fekk vi tid til å lage.. Ungane er så heldige at dei lagar mykje fint både på skulen og på bhg., men mor i hus må ha litt små-pussling heime også :-)



Heldigvis fekk vi litt snø til jul.
Synest no eigentleg at det kunne ha komt litt (berre litt, altså..) meir snø, no når den først vart liggjande.. Men det vart no såpass at vi fekk ta fram akebrettet og kjelken :-)

To blide jenter!
Merk Oda som snart har fått tilbake smilet sitt.. Årets beste julegåve!! Vi satsar på at alle "spor" etter flått-bittet i haust snart er borte :-)


onsdag 16. desember 2009

Gratulerer!

Dagens bursdagsbarn er tante-"barnet" mitt, Torstein :-)
(Ikkje lenger noko barn, nei... )

Gjengen på Haramsøya gratulerer så mykje med dagen!
Reknar med det er full innspurt på kjøkken-fronten no, så kake må du vel så langt etter ;-)

fredag 11. desember 2009

Kvelds-syssel..

Medan eg sat i sofaen ikveld og gløtta på Nobel-konserten, var det med pc'n på fanget.
Hamna inne på sidene til Picnik, og vart der verande... Mykje artig jule-stæsj!
Så mellom alle høgdepunkta på nrk denne fredagskvelden, vart bl.a dette resultatet:


Julekort til Tante Liv. Skal vi sende det til Bergen, tru...? ;-) ;-)



Desse må printast ut til pakke-lappar...


Litt ekstra pynting på familie-idyllen!! :-)
Blir nok meir jule-greier på Picnik, tenkjer eg...

torsdag 10. desember 2009

Julebordshelg

I helga som var, var heile familien Otterlei Austnes på julebord på Nordfjordeid.
Pappa Bent hadde fullt program heile laurdag, med møte og bedriftsbesøk. Vi andre måtte klare oss som best vi kunne, på eit hotell som kunne ha vore litt meir barnevennleg.. (Men dei hadde SPA! Men ingen barnevakt for 3..)
Julehandelen i sentrum vart av den kortvarige sorten, men vi fekk no i alle fall sett kor koseleg det var der. Skal nok stoppe der fleire gongar, kanskje på ei litt varmare årstid.

Gledde meg faktisk til å smake julemat, og eg trur eg fekk snike meg til litt julestemning :-)
Trudde også eg skulle få tatt det berømmelege julekort-bilete, sidan alle jentene hadde finstasen på... Men når ein ventar til dei er proppfulle av brus og julekaker, blir det dårleg med idyll-bilete ;-)



På veg heim måtte vi prøve Eiksund-sambandet, og dermed la vi turen innom Ulsteinvik for å sjå korleis det gjekk med husbyggjarane..
Kjekt med nytt hus, men du verden kor glad eg er for at eg er ferdig med denne epoken!! Men lyst til å pusse opp, fekk eg...

Så får vi håpe på at familien på Dimna får feire jul i eige hus.
Det er lov å håpe, det har skjedd under i jula før... ;-)


lørdag 5. desember 2009

Litt vinter...

Var innom foto-samlinga mi for å sjå om eg fann bilete som kan brukast til julekort... Då fann eg desse 3 flotte jentene som kosa seg i snøen som kom tidlegare i veka :-)

(Trur det blir verre med julekorta, ja..)

torsdag 3. desember 2009

Bloggtørke!!!!!!!!!!!

Sjølv om kameraet blir brukt flittig, er det lite som kjem på blogg for tida.......
24 timar i døgnet er rett og slett for lite!

Men vi har teke til å komme i førjuls-modus, og prøver å få tid til litt "juleting"

Ungane har i alle fall ønskelistene klare! :-)
Med beskjed frå mor om at dei kun fekk fylle eit A4-ark kvar, tok Oda over ansvaret, og ordna ut for dei to mindre søskena også... Så får vi håpe det fell i smak ;-)



1.helga i advent reiste eg og Oda på Fjørtofta for å starte på julebaksten. I løpet av første delen av laurdagen, fekk eg instruering i korleis lage lefser frå A til Å.

Resultatet vart, med SVÆRT god hjelp frå mamma, ca 30 snytandes gode lefser!! :-)
Eg satser på at mamma tek eit nytt kurs rett på nyåret, slik at ferdigheitene (!) får festa seg.



Må ha med nokre bilete frå Barnetrimmen i forrige veke.
Sidan hausten har vore noko "rotete" for vår del, har det ikkje blitt så mange gongane dette halvåret. Dette var siste gongen før jul, så vi får satse på å komme sterkare tilbake over nyttår :-)