søndag 31. mai 2009

Gratulerer til Hege og Frode!

Laurdag var vi så heldige å få vere med å feire den store dagen til Hege og Frode (og dåpsdagen til Sondre!)
Dei kunne tilby ein strålandes dag, med sol frå skyfri himmel, kjekk fest, nydeleg mat -og meir kaker!

VI GRATULERER HEGE, FRODE, JAKOB, IDA OG SONDRE MED DAGEN!

Kvardagsidyll...

Til tider kan kvardagen bli ganske så hektisk og ukoseleg...
Men innimellom (ganske ofte, når eg tenkjer etter.. ;-) har vi gode stunder som vi tek godt vare på...

I forrige veke lovde dei oss god-ver og gode temperaturar. Fredags ettermiddag kom det endeleg! Då vart det kveldsmat på altanen :-)

Brrrr!!!!
Lone har enno ikkje våga å sleppe seg. Ho kan gløyme seg av og til når ho har noko i begge hendene, og ikkje klarer å halde seg fast..
Men gå-bilen vi kjøpte for ei stund sidan, har vore eit god-kjøp. På den durar ho i veg, svingar og ryggar :-)

Feiring av Onkel Nils

Onsdagen fortsatte vi med feiring av Onkel Nils, som runda 60 år denne dagen.
Det var lammelår, slik som berre Tante Sigrid kan (namnam!), og sjølvsagt - kaffi og kaker etterpå...!

Ikkje ofte eg legg ut bilder av meg sjølv på bloggen... Men det vart det her, pga sjarmtrollet vårt Andrine :-)

Christian og Noah prøver pynten på kransekaka! Dei fekk det til, til slutt ;-)


Onkel Nils si yndlingskake er det vi kallar "Gule-kake". Og så klart måtte han få si eiga!! Desverre fekk vi berre plass til eitt lys ;-)

Her har vi Mor Astrid med alle sine 6 "små"
Kjekt når ho får samle alle sine!
Takk for ein fin dag, Onkel Nils!



Feiring av Tante Åse

Denne veka har det vore mykje kake-eting i familien Otterlei Austnes..
Det starta på tirsdag med feiring av Tante Åse... Det var nydeleg "sosakjøt" til middag, med kaker og kaffi etterpå (-og ungane starta med rangling, allereie på ein tirsdag...)

Her har vi Tante Sigrid som har teke seg tid til å sete litt i sofaen.. Lone sender melding...

Klar for kaker!!

tirsdag 26. mai 2009

HIPP HURRA!

Her har vi "radarparet", Lone og Onkel Nils...

Idag seier vi Hipp Hurra for onkelen vår som jubilerer med 60 år i dag, onsdag 27. mai.
Vi troppar opp idag igjen for middag og kaker :-)

Gratulerer!


Idag gratulerer vi Tante Åse så mykje med dagen!
Vi har laga kake, så vi kjem ein tur på ettermiddag :-)
(Fann dessverre ingen bilete av berre Tante Åse, så her fekk Farmor "snike" seg med.. )

mandag 25. mai 2009

Gratulerer!

Så har bursdagsrushet starta....


Idag vil vi gratulere Noah i Brattvågen med 4 flotte år!
Vi satser på feiring med flotte pakker og sjokoladekake :-)

søndag 24. mai 2009

Fjørtoftstur!

Fredagen var det skule- og bhg.fri, så då bestemte vi oss for å reise ein snartur på Fjørtofta. Ein SMS til Morfar kl 0810, og han stod på kaia og henta oss nokre timar seinare :-)

Veret var flott, sjølv om temperaturen kunne ha vore høgare. Flott å sitje ute, var det i alle fall :-)
Her har Lone akkurat vakna frå middagsluren sin. Då er det godt med ein laaang kos på fanget til Morfar.

Mormor er ein tryllekunstnar med gamle filler og kle!
Nede i kjellaren står vevstolen som hjelper til å trylle fram flotte tepper. Saman med ein god porsjon tolmod, fargesans og nøyaktigheit, blir gamle kle og andre filler omgjort til tepper med affeksjonsverdi. Heldige er dei som har eit slikt i hus - og eg er kjempeheldig!!

Her er det jentene som får sjå korleis det skal gjerast..

Her er det som mamma held på med no, eit flott eit i lilla nyansar! (Veit ikkje heilt om fargane blir gjengitt rett..)
Slapp av folkens, eg har allereie tinga på det!!



lørdag 23. mai 2009

Middagsgjester!

Torsdag hadde vi middags- og kaffigjester. Må blogge nokre bilete av dei, sidan eg veit at ein del familie er innom bloggen.
(Det er lov å legge att ein kommentar, altså!!!)

Farmor Astrid, ei flott dame :-)

Onkel Nils - vi gler oss til neste veke!

Måtte ta med nokre artige disney-channel-stillingar...
Blir alle ungar slik når ein set på Disney Channel..?! Spesielt vår eldste "dekk vekk" i ei anna verd når denne kanalen står på.
Skummelt, eigentleg......
(Nb: Ho har IKKJE drukke av det som står på golvet... Det er eit etui, eit tomt eit sådan....!)



fredag 22. mai 2009

Tur til Varden

Torsdag skulle vi ha gjester, så medan mor var heime og laga middag og "shina" hus (?), hadde Bent og dei to største jentene seg ein tur til Varden.
Var nok litt misunneleg på turen, men her i hus er det den mest fornuftige arbeidsfordelinga ;-)

Oda er sekretær når namn skal førast i manntalet..

Strålande ver og utsikt!

Andrine plukkar kvitveis som fekk bli med heim til mor :-)


Ulla-tur!

Onsdags ettermiddag tok Bent med seg jentene ein liten luftetur ut til Ulla. Om det var så lurt, vil tida vise.. Der ute var det nemleg ein kald vind/trekk (Det burde vi kanskje vite, vi har no budd ned på Hammaren i 5 år..)
Men ungane trongde litt luftforandring, og det same gjorde mor ;-) Dessutan var det eit golv eller to som måtte ha litt støvsuging...

Det gjorde godt med luftforandring! Og Lone storkosa seg blant alle steinane :-)

Mr. Virus på besøk..

Denne veka har vi, som så mange andre, hatt Mr. Virus på besøk... Dette har ført til at det vart nokre dagar heime både frå jobb og bhg.
Lone har hatt augebetennelse og øyreverk i tillegg til forkjølelse..
Andrine har hatt eit snev av augebetennelse, mellomøyrebetennelse, og blemmer på trommehinna (!)..
Vi andre har berre hatt noko "små-rusk" ;-)

Det har med andre ord ikkje vore så mykje "ute-liv" på oss denne veka, men enkelte har ikkje vore arbeidslaus av den grunn.. Dette klarer ein driftig 2-åring å utføre medan mor er i dusjen! :-)

Matlysta har også vore litt varierande, men det hjelp å få lov til å ete sjølv...
Lone er faktisk van med å få i seg maten sjølv, men denne gongen vart konsistensen litt for rennande ;-) Gøy var det, lell!

tirsdag 19. mai 2009

Gratulerer med dagen!


Vil med dette gratulere Dagny i Ulsteinvik med ..... 29 års dagen!!

Du held deg godt, unge dame ;-)
Håper husbygginga går strålandes!




mandag 18. mai 2009

Mellom bakkar og berg utmed havet...

Nokre bilete teke seint 17. mai.

Teke frå Håneset og ut mot Ulla.


Tok maaange bilete... Leika med meg "solnedgang"-funksjonen på kamera... Artig!








Fagert er landet.. !


Måtte berre ha med eit bilete av den nydelege storejenta mi, i 17.mai-kjolen sin :-)

17. mai 2009

I år vart det ikkje så mange bilete frå aktivitetane på 17. mai, av den grunn at mor stod store delar av tida og selte kaker, og med ansvaret for alle 3 ungane, tok det ei stund før far huska på at han hadde kamera ;-)

Tradisjonen tru er Familien Otterlei Austnes seint ute til toget... I år var det berre 2 bunader som skulle på, sidan mor hadde "kjøkken-teneste", og Oda har blitt for stor til sin... Men likevel så er det litt arbeid å ha på finstasen. I tillegg ville ikkje Lone sove på kommando.. Men vi fekk "hive" oss innpå ved Shell, såpass gnagsåra fekk byrje å gjere seg gjeldane :-)

Oda og Barneskulekoret sang abba- sangane sine saman med korpset under festen. Eg gler meg allereie til neste prosjekt skulen skal ha saman med korpset.. Dei er kjempeflinke! "Sammen er vi dynamitt!"

Andrine debuterte også på scena i år! Saman med mellomtrinnet sang dei 2 kjekke somgar. Dvs, Andrine hadde så store auge at synging, det gløymde vi heilt av..


søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!


Vil no, etter Grand Prix-seier og før stryking av bunadsskjorte, ynskje alle ein god 17. mai!
(Kjem sterkare attende med bilete frå feiringa...)

Vi nyt godveret!

Dei siste dagane har vore heilt utrulege her på Sunnmøre: strålandes sol og gode temperaturar :-)
Det har vore ei hektisk veke med jobbing, møter og diverse gjeremål, men vi har heldigvis fått kosa oss litt i sola også..

Lone er ei jente som trivast ute, gjerne i sandkassa.Og når ho får lov til å vere med storesøstrene som "styrar" på altanen, er det heilt topp :-)

Laurdag var ein dag med mykje besøk, her representert av Ingeborg. Og omtrent halve leikerommet vart flytta ut på altanen! Så då var det pendling mellom "oasen" på altanen og trampolina...


Og sjølv med stram timeplan, fekk mor gjort ein liten innsats i bedet :-)
Så som eg har sagt før: Hagen vår har stort potensiale, det tek berre litt tid... Og det hadde hjulpe godt på arbeidsmoralen med nokre fineversdagar til :-))



fredag 15. mai 2009

Brattvåg-besøk

Sidan det snart er helg (-igjen..!), må eg skunde meg å blogge nokre bilete frå søndagens besøk hos Tante Berit og Onkel Roar oppe i Fjellbu.
Høve var at Live og AnneLise hadde teke turen frå Stavanger, og då var det kjekt å kunne få treffe dei.

Men først ute må desse to flotte damene vere.. To damer i sin beste alder: Farmor Astrid og Tante Kari.
Kjekt at Kari også tok turen frå Molde for å treffe gjengen :-)


Her har vi Tante Berit med go'jenta si Live. Sikkert veldig kjekt å ha henne på besøk når ho bur såpass langt vekke..

- og slik ser det ut når alle "småttisane" er samla under same tak! Her må det meir golvplass til, Onkel Roar!! ;-)


Tusen takk for at vi fekk komme på besøk og helse på :-)


..meir bilete frå Fjellbu!

Må ha med nokre bilete til frå søndags-besøket i Brattvågen :-)

Først ute er stor-sjarmør Noah - snart 4 år!

Så har vi super-tante Liv! Stiller opp for både store og små :-)
(Sjekk den flotte rhodondendroen som Tante Berit har utanfor stoveglaset sitt.. Flott eller!?!

Til slutt har vi 3 "kose-jenter", Andrine, Live og AnneLise :-)


tirsdag 12. mai 2009

Eg har fått ny mann!!

Ja, ikkje det at eg har skifta ut den gamle,altså... ;-) Men etter ei god veke med "ryggondt", har mannen vore hos kiropraktoren!! Og eg som meinte det var stress og muskulære årsaker til at ryggen har protstert, måtte innrømme å ha teke feil.. Ein ny og ein gammal "sak" måtte trykkast på plass, og mannen kan igjen rette ryggen :-) Og ikkje treng han å komme tilbake til kiropraktoren heller... Dette lovar godt for alle planane eg har, både inne og ute... (Høyrde eg "stakkars mann" ?) ;-))

mandag 11. mai 2009

Ny leike i hus!

Vi er vel den einaste familien som ikkje har hatt ein gå-bil i hus... Dette til Oda sin store fortvilelse! Det har ført til at kvar einaste stad der Oda har vore på besøk, og dei har hatt ein slik doning i hus, har Oda teke "pant" på leika..
No er det vel mest sannsynleg siste sjanse for oss å gå til innkjøp av ein slik ein, så då Bent var ein snartur i Brattvågen på laurdag, brukte han 200,- på denne saken her..... :

I utgangspunktet var den kjøpt til Lone (-og ho var stornøgd! Fann teknikken med ein gong:-), men vi hadde mistanke om at det var fleire som ville "dele"..

- og slik vart det ;-) Så då er det greitt at den kostar berre 200,- Då blir det ikkje det store tapet når den segner om under vekta av to storesøstre!!

Kanskje eg overdereiv dette med teknikken... Men det er ikkje berre enkelt å sette seg på bilen rett veg!!
Og å rope på mamma'n etter hjelp er heilt fånyttes. Ho må berre fotografere ALT først!!!