tirsdag 28. april 2009

Stemningsbilete!


Vi opplever nokre flotte dagar akkurat no, og det er vanskeleg å gå inn på ettermiddagane. Ein skikkeleg forsmak på sommaren, dette her :-)
Her er jentene på trampolina, rett før vi måtte inn for litt kveldsmat.
(Og vi gjekk nok inn akkurat litt for seint... Tanken var tom, alle var trøytt og ingen ville gjere det mor sa... Det var bra vi fekk knipsa idyllen medan den varte ;-))

Framgang til glede, eller....

Lone har no endeleg funne ut at å komme seg opp og fram, kan vere greitt :-)
Fortsatt er det skummelt å prøve seg på eiga hand, men stadig nye ting blir sjekka ut..


Og mor i huset har fått oppdage korleis det er å ha 3 små og 1 stor :-) til å fordele saker og ting rundt om i huset... Neida, blir aldri arbeidslaus,nei!
Her har Lone "fordelt" innhaldet av gang-skåpa fint utover. Det høyrer med til historia, at før mor rakk å leggje frå seg fotoapparatet, var ho igong med neste skuffe....

Ei lita krise på gang...

Rett før helga tok tv'en til å fuske så smått. Litt trykking og av-og-på-slåing var heldigvis nok til å få tv'en på rett kjøl... Heilt til søndags føremiddag! Då ville den ikkje meir.. Ikkje ein gong dvd'en ville virke, slik at Oda fekk sjå Mamma mia-filmen sin..


Då vart det same krise-løysing som då lynet slo ut fjernsynet: pc-skjermen vart flytta til stua :-)
Heilt grei løysing, ein må berre sette seg litt nærare skjermen..
Men så er det det store spørsmålet... Skal vi reparere eller kjøpe nytt? Ny tv er bestemt det enklaste og kjekkaste, men skal ein kaste det gamle om det kan reparerast innanfor rimelege grenser?
Budsjettet tillet ikkje så store krumspring akkurat no, så kva skal vi velge? Tv i hus må vi i alle fall ha....
Så er det nokon som har ein rask diagnose å gi tv'en vår? Helst den som vi slepp billegast unna med?
Inntil vi tek ei sjefs-avgjerd, er vi komisk nærsynt når vi ser tv, og dessverre utan e-post (Vi gidd ikkje flytte skjermen fram og tilbake, og den berbare har ikkje e-post konto...). Men ungane får sjå barne-tv, Bent får sjå sporten, og eg Frustrerte Fruer... ;-)

søndag 26. april 2009

Farmor har bursdag!


Idag, søndag 26. april, har Farmor bursdag.
Familien Otterlei Austnes gratulerer så mykje med dagen! Vi gler oss til middag og kaker seinare idag :-)

Ein smak av sommar!

Laurdag hadde vi ein utruleg flott dag, sol og "varm" vind. Oda lurte på om dei ikkje kunne bade ute, men som den strenge mora dei har, så vart det nei til det... (Avtalen vart at vi ventar til etter 17.mai. Om det det blir noko betre ver etter det, er vanskeleg å seie..)

Først og fremst må vi takke mormor og morfar som kom på fredag likevel for å vere barnevakt.. Lone vart "friskmeldt" fredags føremiddag, og Bent hadde ikkje meldt avbud til Øye-turen endå. Så då vart det tur likevel, heldigvis! Meir om turen kjem seinare :-)

Altanen vart mykje bruk laurdagen. Her er det enkel lunsj ute i det fri, etter at mor hadde klart å få ned alt sommar-utstyret frå loftet.. (Og det er ikkje så rett lite!)

Etter kvart kom Andrea og Petar på besøk. Og då fekk dokkene også lov til å komme ut i vårsola :-)

Oda og Petar i luftige svev - med ballar!


fredag 24. april 2009

...så var det på'an igjen...

Ei god veke etter siste runde med oppkast, var vi klar for ei ny runde....
På veg heim frå butikken, kasta Lone opp i bilen (-og det ikkje rett lite heller...) Heldigvis vart det ikkje fleire runder i løpet av kvelden, men vi er spente på fortettelsen.

Så dette er situasjonsbileter frå ting vi måtte gjere torsdags kveld....
(Etter påska i år er dette nesten rutine!)

Så no gjekk kveldsturen fredag inn til Øye og Union Hotell, i vasken... :-((
Får håpe vi bergar resten av helga...............................


Finever :-)

Onsdag vart det eit strålandes ver ut på dagen, så den beste plassen å vere i ettermiddagstimane, var sjølvsagt ute :-)
Etter middagen fekk vi besøk av Andrea, så då vart det både hopping på trampolina, leiking i sandkassa, og kosing i solkråa. Og påskeliljene mine fekk mykje vatn, så dei blir nok ikkje tørste på ei stund...


Lone likar seg også i sandkassa. Det forsvinn nok litt sand av og til...
Her teken på "fersken" ;-)

tirsdag 21. april 2009

Utflukt til Lepsøya

Søndag reiste vi tidleg frå Geiranger, då det skulle vere familieutflukt og kor-avslutning på Lepsøya. Det var grilling og sosialt samver på Prestegarden, ein flott plass for ungane.

Veret var fint, men ein kald vind. Her er det mamma og Andrine som varmar seg litt på kvarandre.

Sjølv om det ikkje er sommartemperaturar enno, kryr det i alle fall av vårteikn. På Lepsøya fann Oda årets første marihøne!


Litt aktivitetar var det også tid til. Her er det dei vaksne som måtte i elden. Ikkje alltid like lett å lage ord når ein har bokstavar både på magen og på ryggen... ;-)


Dagens middag hadde vi på Prestegarden, grilla pølse!! Og så var der sjokoladekake til dessert. Andrine var stornøgd med menyen :-)


Må ha med eit bilete av Kongeskipet som låg i le av Hestøya då vi kom. Reiste akkurat då eg fann ut at eg skulle ta bilete... Skal tru om Kongen var der...?




mandag 20. april 2009

Tur til Geiranger!

I helga var det møte og Minimesse i Byggfag-kjeden, denne gongen i Geiranger på Union Hotell.
Og då var Mamma Trine og Lone så heldige å få vere med :-) Oda hadde så mykje ho skulle vere med på her heime, at ho ikkje reiste. Her fekk ho selskap av Andrine også. Dette var mogleg, fordi super-tante Liv kom heim ein tur og var med ungane heile helga!! Ikkje så farleg å reise vekk når ein har ein slik stand-in!


Laurdag hadde eg og Lone litt tid før lunsj, den vart brukt til trilletur.
Idyllisk i Geiranger, ikkje sant?


Etter at papsen var ferdig med ein lang dag, ville han ut og lufte seg. Då vart det ein tur ned til sentrum.
Ørnesvingane på bildet i midten.

På laurdagskvelden traff vi på ein annan gjeng som også hadde opphald på hotellet :-)
Trur dei hadde ein fortreffeleg kveld...
(No er det ikkje lenge att til den store dagen, Trine!!)



Upps! Gløymde å snu biletet før eg lasta det ned på maskina!! Jaja... Dokke får legge hovudet litt på skakke ;-)
Lone var Queen of the Night både fredag og laurdag. Fekk vere oppe kjempelenge!! (Eller så var det mora som ikkje gadd å sitje på hotellrommet heile kvelden...)
Lone heldt ut ganske så lenge på kvelden. Men kven gjer vel ikkje det når ein får oppmerksomheit av nesten alle rundt seg, får vere midtpunkt og sole seg i glansen...!?!


Trur Lone synest det var greitt å ha mamman og pappan sin heilt for seg sjølv ei heil helg!
Men det var veldig kjekt å komme heim til dei to andre søstrene også.. Både for mamma og Lone ;-)




lørdag 18. april 2009

Folk i arbeid!



Denne helga har enkelte ved Hotell Unionen i Geiranger meir å gjere enn andre...

Lone er på plass i restauranten, og skal ete sjølv!!! Ingenting anna er bra nok!

Du kan seie at det visast kva bord vi set ved ;-)

torsdag 16. april 2009

Gratulerer!

No vil vi berre fortelje at no ser vi lys i tunellen...!!!

Idag trur eg faktisk at vi er på veg ut av denne "sjuke-historia"!
No skal eg setje vekk alle bøtter og klorinflasker, legge vekk alle kluter og handuker, rydde vekk påskepynten (!), og håpe på at sola vil skine nokre dagar til... :-))

NO ER DET VÅR, FOLKENS!!




Og så må eg slenge med ei lita helsing til 2 som hadde namnedag på onsdag.
Gla i dokke!

onsdag 15. april 2009

Nådestøtet...??

På mandag trudde vi at vi var på betringens veg, litt småeting og ingen spying... Men allereie nokre timar ut i tirsdagen var det nedtur att!!
Var det det siste nådestøtet som skulle settast inn!?!
Forhåpentlegvis...
Så tirsdagen gjekk med til å vaske endå meir oppkast.. Kle, handukar og 2 kjøkkenstolar.. Har gått over frå Domestos til Klorin på diverse utsatte plasser..
Men heldigvis var det også ein del soving.

Oda var oppe ei lita stund i 7-halv8 tida, men med berre nokre få økter med drikking, så søv ho til halv 5 (1630)!!!

Andrine var litt meir aktiv... Og hadde matlyst! Berre så synd at mesteparten kom opp att.. (Det er ho som får æra av at vi måtte demontere 2 kjøkkenstolar for vask .. ;-)
Og vi som har byrja å moe på smukke-avvenning.. Stort tilbakeskritt dette, dessverre :-(
Lone er heldigvis sprek. Og skal mest sannsynleg ta att all etinga ho har gått glipp av! Svolten i ett sett :-) Her er ho, mett og god, og klar for senga tirsdags kveld. Skal sjå ho snart blir "bollerund" igjen...
No håper vi berre på at dette var siste runde (- har sagt det tidlegare, ja...), og at det verkeleg var nådestøtet som traff oss tirsdag.
No skal det berre gå ein veg, og det er opp og fram! For no er vi litt lei og sliten av alt dette styret...


tirsdag 14. april 2009

Friskmeldt.....?

Bent har stabilisert magen og er på jobb....
Mor i huset har fortsatt dårleg mage, er heime frå jobb....
Andrine sov i over 13 timar i natt, på tom mage. Kasta opp marie-kjeksen ho åt til frokost...
Oda kasta opp i natt, dårleg mage, ligg og søv enno. Altså ingen skule idag...

Friskmeldt?!? Neppe.............


Men Lone er i form! Bank i bordet!!

mandag 13. april 2009

Så var påska over - heldigvis...

Overskrifta høyrdest litt trist ut, men akkurat no er vi glade for at påska er over og vi kan ta til på kvardagen igjen...
Vi har i kveld hatt ein spy-fri kveld (-forhåpentlegvis! Natta er enno lang...), men det blir nok heimedag på nokre av oss i morgon. Forma til Oda i morgon tidleg bestemmer om ho skal på skule eller ikkje. Dei to andre jentene skal få eit par dagar til å komme seg på.

Bent saknar at kaffien smakar godt, elles ser det ut til å sige rette vegen :-) Det er i alle fall kjekt å sjå at Lone har kome i form igjen. Og med stigande form, har interessa for å gå komme tilbake :-) Og idag har det vore fleire turar med gå-vogna, og fleire turar rundt bordet (for å sjå kva søstrene styrer med, det er så spennande...) Men å sleppe seg, det er fortsatt kjempeskummelt!!!

Lone i full rulle over golvet! Så då er det å passe på å snu henne når ho kjem til "endes"... Det er for skummelt å klare sjølv når ein berre står på to bein...

Tittitt alle saman - sjå kva eg kan! (Litt vågal , her ja ;-)

lørdag 11. april 2009

.... påska hos oss.....

I grunnen ikkje så mykje å berette frå Fam. Otterlei Austnes akkurat no... Det er rolege dager, kan ein seie..
Nytt sidan sist er at Oda har hatt ei runde med oppkast, men ser ut til å komme greitt frå det. Verre er det med oss andre. Dårleg matlyst, små-kvalme, trøtte, og kø-ordning på do (!).... Heldigvis ser Lone til å finne forma att. Men skal ein ha formkurva til Lone som mal, er vi oppe og spring til helga igjen...

Triste saker, dette her... Einaste trøysta er at vi no har fått det alle 5, og ikkje lenger kan smitte kvarandre!! (Galgen-humor må til..)

torsdag 9. april 2009

Oppdatering frå "sjukeheimen".....

I eit tidlegare innlegg spådde eg ei sjuke-påske, og dette ser ut til å slå til...

Etter eit døgn utan at nokon har kasta opp, var det på'an igjen. Torsdags morgon vakna både eg og Bent litt små-uggen.. Snart sat Bent på do, og eg kasta opp! (Brutalt ærleg, her ja..) Du verden kor hjelpelaus ein blir når begge vaksne blir sjuke samtidig :-(
Men litt ut på dagen kom Dada og hjalp oss litt, ho tok med seg Andrine og hadde henne i fleire timar! (kjekt med snille naboar :-) Oda fekk besøk av Margrethe (-dei måtte halde seg ute!), og vart med henne heim etterpå. Det vart ei sårt tiltrengt økt på sofaen medan Lone sov...

Så skulle ein no tru at det roa seg.. Men, neidå!! I skrivande stund har Lone kasta opp 1 gong, medan Andrine har "fylt" senga si 2 gongar....
Då står det berre att og vente på at Oda skal få det, og krysse alt vi har på at vi ikkje har smitta nokon andre....

Så får vi ynskje god betring til oss sjølve og fortsatt god påske til dokke andre...

onsdag 8. april 2009

..... igjen...


- say no more! Biletet talar vel for seg sjølv.....

tirsdag 7. april 2009

Vasking.....


Det vart aldri nokon Fjørtoftstur på Lone og Bent denne helga... Dei måtte fint finne seg i å vere heime, ikkje noko særleg å dra på besøk med ei lita tuppe som stadig kastar opp.
Lone har sidan natt til fredag kasta opp med ujamne mellomrom... Ingen feber (som vi har merka, i alle fall), og omtrent null matlyst. Mandag trudde vi at det heile var over, men vart grundig lurt. Etter leggetid kasta ho opp i senga igjen, slik det vart fullt skift på både Lone og seng. Og kosebamsen...
Så får vi håpe at vi andre ikkje får det like grundig, om det no skulle vise seg at dette blir ei "sjuke-påske"...
Oppdatering på helga for oss andre, kjem etterkvart (-eller mellom to vaskemaskiner...)

lørdag 4. april 2009

Gratulerer med dagen!

Søndag 5. april er min kjære pappa og vår snille morfar 77 år!

Vi gratulerer med dagen :-)

Sidan eg ikkje er på heime-maskina, blir det ingen bilete denne gongen...


Gratulasjonar kan leggast inn på kommentarar ;-)

fredag 3. april 2009

Snart påskeferie, eller....?

Så var vi eigentleg klar for påskeferie..
Påskefrokostar i barnehagane, Vårfest på skulen, nyproduserte påskekyllingar frå ungane, Andrea G. hadde komt med påske-egg (-brullaupsoppdrag, takk for det :-)), og tur til Fjørtofta var planlagt... Og så startar Lone med å kaste opp!!!! Jaudå.... Så dagen idag har gått med til å vaske både golv og kle :-(
Men i skrivandes stund så har Lone ete litt graut, og ligg og søv søtt i senga si. Så håper vi det varer, og at ikkje nokon av dei andre startar på ei ny runde.


God og frisk påske til alle som er innom bloggen! :-)

Gratulerer!

Familien Otterlei Austnes gratulerer Sissel med eit alder så lite jubileum idag!!!




- så får vi håpe at Christian og Noah har baka bursdagskake til deg idag ;-)

onsdag 1. april 2009

GRATULERER!!

Torsdag 2. april blir min kjære storebror eitt år eldre ;-)

Lone og resten av gjengen gratulerer så mykje med dagen!

Hehe...!


Med dette ynskjer vi alle ein god 1. april!

Håper dokke vart godt lurte... ;-))