lørdag 31. januar 2009

"spise selv"

Lone søv uroleg for tida, og idag starta vi dagen i halv 6-tida.. Og sidan Bent er ute og reiser, var det eg som måtte stå opp... (Som regel er det Bent sin jobb..)
Så innimellom graut-skeiene, vart det litt data :-)

Stilstudie i konsentrasjon.. Ikkje alltid like lett å få fatt i pastaen ;-)

"Sagge-prinsessa" vår ;-)

Andrine kan av og til like å pynte seg. Ho er eigentleg ein god mix, ho likar alt frå finkjolar og stæsj, til bilbane og lego..
Ikveld var det stæsjet som vart prioritert. Synest eigentleg det var ganske fornøyeleg.. Der gjekk ho med prinsesse-krone og synest ho var så flott, medan det var høg "sagge"-faktor litt lengre nede og bak ;-D



"Havdag"

Torsdag var det "tømmedag" for alle Tare-bøssene våre. Alle jentene har kvar si, og så har vi ei nede hos Farmor og Onkel Nils, slik at onkel har ein stad å putte alt "lommerusket" sitt.. Ganske praktisk, eigentleg ;-)

Men så er det slik at alle jentene er redde for Tare (til og med Lone skreik!), så heile greie er nok litt så som så.. Det går no an å tømme bøssene sine andre dagar også!! Men vi troppa mannsterke opp, av erfaring veit vi det er fullt. Heldigvis fann vi oss ei krå i skjul for både Tare og klovn, og med bolle og leskedrikk, gjekk det ganske bra :-)
Og etter 1 1/2 time ( ca. 100 bøsser vart tømt den dagen) var vi ferdige og godt klare for å dra heim. Men resultatet vart no ganske bra likevel: Bra med påfyll på kontoane, størstejentene turde å vente på ballongar hos klovnen (vi var dei siste som var der, men likevel..), og Oda tøffa seg til å ta Tare på halen ;-)


Og slik vart ballongdyra som jentene fekk, -og det er ein gitar og ei svane for dei som måtte lure på det...
(Må berre nemne at klovnen var ein klovn etter mitt ynskje. No fekk vi aldri stått så nært at vi fekk høyre kva han sa under programmet, men han heldt ein behageleg tone utan skrik og skrål. Og det er vel sjeldan for klovnar å vere..)
Så får vi berre håpe på at Lena og Onkel Rune klarer å skaffe oss slike tøffe Tare-luer.. Slik er det når ein står bakerst i køen, det er slutt på alle "godsakene" når vi er klare..

onsdag 28. januar 2009

Gratulerer!

Vi sender nokre gratulasjonar over fjorden til Onkel Roar oppe i Fjellbu som vart "35" år idag.
Håper du fekk deg kake :-)

Beklager...

Ja, det går av og til litt fort i svingane... DET ER LONE SOM HAR LÆRT SEG Å VINKE ;-) !!Men det at vi tullar med namna til jentene, er faktisk heilt vanleg!!! Så eg får seie som Bent når eg spør kven han eigentleg meinar: "Nei, ikkje ho.. Ho hi!" (Rart det ikkje er fleire som har kommentert dette,. Er det rein høfligheit, eller er det som hos oss: det blir litt samanblanding..?)

tirsdag 27. januar 2009

Snart ABBA-konsert...

Måndag kom Mormor ein tur på besøk, for å hjelpe oss igong med eit abba-kostyme. Andrine hadde fri frå bhg, så når Oda kom heim frå skulen og skulle gjere lekser, vart det reine arbeidsstova rundt kjøkkenbordet vårt...

Her er Mormor med sysakene, Oda med lekser, og Andrine med teiknesaker. Mor sjølv svinsa litt rundt omkring og gjorde minst av alle...

Andrine har lært seg å peike, og peikar no på det meste.. Her trur eg det var kråkene som vart observert ;-)

Måndag var vi litt i abba-mood... Her er det Oda og Lone (med litt hjelp) som dansar. 2 stk flotte "Dancing Queen"!
Takk for hjelpa Mormor!


mandag 26. januar 2009

Puffris er gøy!

Puffris er både godt, litt krevande å få i seg, og eit supert tidsfordriv (For mor...)
Men idag fann Lone ut at det var gøy å "skyte" risen!! Og då vart det jobb på mor.. Ris overalt!
Vi kan godt seie at puffris-stunda vart ein del kortare idag, ja... ;-)


......

Oppdaga plutseleg at eine biletet hadde "forsvunne" frå bloggen (Av og til går det litt fort i svingane..) Bilete teke ved skiltet, er tradisjon ved Ulla-turar, så det må såklart vere med!!

Søndagens luftetur

Søndag hadde vi store planar om å gå til Varden igjen, Lone skulle berre få sove "dubben" sin først. Og Lone sov og sov, og sov litt til... Klokka halv 3 hadde vi enno ikkje komt oss avgarde, så då måtte vi til å endre planar. Klokka halv 4 var alle vak og hadde fått ete litt, så då sette vi oss i bilen og drog til Ulla :-) Kanskje vi rakk solnedgangen?

Lone vart pakka godt ned i vogna, litt kjøleg, ja... Men med tøysete storesøstre rundt, var det greitt å sitje i vogna.

Vi rakk såvidt litt sol... Rett "beutiful" var det!

Oda er fast sekretær på slike turar, kjekt å kunne å skrive :-)



søndag 25. januar 2009

Meir is :-)

Måtte berre ha med eit bilete av Lone :-)
Ho likte is til dessert ho også, viste det seg... (Og ja, det var sjokoladeis!)

Dagens luftetur!

Laurdag hadde eg og Dada oss ein luftetur med ungane bort til skuleplassen (Bent var i kjellaren og jobba der!) Skuleplassen er eigentleg ein super plass å ha i nærleiken, med skog, leikeplass og ballbinge.

Her er det Andrine og Andrea som kastar kongler i bekken. Andrine har lært seg eit nytt ord: botsj (?! Trur eg...) Det er bosnisk og betyr plask! (Trur eg.. Treng kanskje retting her, Dada :-)

På gangvegen bortanfor skulen kom Malin og Hannah ruslande, og plutseleg var der 5 jenter (6 med Lone som sov i vogna..) Koseleg!

Malin og Hannah fann ut at dei skulle bli med heim att til oss. Her er det musikk og dans på stovegolvet :-)
(God betring til Andrea som ikkje var heilt i form, viste det seg)

Litt mat måtte til når ein har vore ei stund ute i frisk luft.. Og is vart det til dessert ei stund seinare, det var no laurdag!!
(Malin lurte på om eg skulle legge ut bilda på blogg, sidan eg tok bileter av dei.. Ho hadde så lyst til å vere på andre sine bloggar også .. ;-) Så no er det ynskjet oppfylt, Malin! Håper det går greitt, Stine....


Frustrasjon...... Og lys i mørkret.....

Er no inne i den 2. veka utan vaskemaskin, og saker og ting tek til å hope seg opp.. Dei har no kome så langt at dei har bestilt delar til maskina, meir veit vi ikkje... Bent har vore på tlf kvar dag for å forsikre seg om at dei ikkje gløymer oss, men frå måndag av er det nok eg som tek over masinga. Han trudde dei tok til å bli lei av han..

Sidan vi ikkje får vaska kle i vaskekjellaren, blir det til at vi ikkje gidd å drasse klea dit heller. Så då blir dei berre lempa opp i badekaret (og vi har stort badekar..), noko som ikkje er eit særleg pent syn :-( Så slik ser det ut på badet vårt for tida!

Men alt er ikkje berre "trist" for tida. Oppe hos oss er det "mørketid" nokre veker midt på vinteren. Men no er eg så heldig at eg får vere heime nokre føremiddagar og få med meg at sola kjem tilbake:-) Og her ein dag såg eg ein rar skugge på stoveveggen, det var sola!! Og det måtte no forevigast. Såvidt, gjennom trea til nabo Matias, fekk eg auge på sola. Ikkje så høgt på himmelen enno, men no går det fort mot lysare tider :-) JIPPI!!

onsdag 21. januar 2009

Tidsfordriv...

Når hovudet banker og kroppen er "sår", er det ikkje mykje anna å gjere enn å liggje på sofaen... Då er det greitt med berbar pc som får plass oppå pleddet ;-) Så idag har eg kika gjennom mange gamle bilete (-oj, så mange som ligg der, då..), prøvd litt fotoredigering, og småslumra med fjernkontrollen i handa. Greitt tidsfordriv dette, men det er så mykje anna som skulle ha vore gjort... Satsar på uant energi når dette er overstått ! :-)

Her er eit av resultata av dagens tidsfordriv:

Her ein ettermiddag vart det plutseleg så stilt i huset.. Lone sov ute, Oda hadde tusla seg inn på rommet sitt, og Andrine.... Ja, kvar i alle dagar var Andrine..?! Ropte litt forsiktig, men ikkje svar å få. Kva hadde ho funne på no da.. Såg plutseleg eit pledd som låg flott dandert over eine stuestolen vår, var der ikkje litt bevegelse..? Henta fotoapparatet og stod klar medan eg spurde kvar i alle dagar Andrine var blitt av. Forsiktig titta ho ut, ropte bø! og storkosa seg over at ho hadde klart å lure meg.. Tullejente ;-)

Jaja....

Jaja, så var det min tur til å bli litt tufs.... I skrivandes stund ligg eg på sofaen, med tjukk hals og hovudverk. Måtte tilbakekalle Bent frå jobb i dag tidleg, måtte ha hjelp til å få ungane i klea, og Andrine i bhg. :-( Fekk sove eit par timar ekstra og det gjorde godt. Håper no at dette går over med skrekken, og at eg er i full vigør igjen i løpet av dagen :-)

mandag 19. januar 2009

5 X 4

Har fått ei utfordring frå Stine... Skal gjere eit forsøk :-)

4 favorittprogram på TV:
- Grey's anatomy (tirsdag er tv-kveld)
- Frustrerte Fruer (tirsdag er tv-kveld, ja)
- Nytt på nytt (gjerne med ein Bailey's ved sidan av.. Då er det helg!)
- Grønn Glede (fortvilt håp om at det skal gi meg litt inspirasjon til å gjere noko med vår eigen hage)

4 ting eg gjorde igår:
- var på trilletur/luftetur saman med familien - kjekt!
- var på eit sjeldant besøk hos Birger
- arkiverte julekorta for 2008
- vaska kle FOR HAND!!!!!!!! :-((((

4 ting eg ser fram til:
- at kjellaren kjem iorden slik at alle jentene får det rommet dei fortener
- at kjellaren kjem iorden slik at eg får det hobbyrommet eg fortener ;-)
- lysare tider, og med det litt meir overskudd og energi (?)
- akkurat no: Få tilbake vaskemaskina mi!

4 favorittrestauranter:
Som hos fleire andre bloggar eg har vore innom, så er dette punktet litt "vagt"(Er ikkje så veldig van med å gå ut å ete..Obs-kafeen m/ørten handlenett?) Kan heller nemne 4 måltid som eg huskar godt...
- åt ein gong grilla steinbit (eller var det breiflabb..?) på Bud, nydla gøtt uansett kva det var :-)
- hummarsuppe med butterdeig-lokk på Sjøbua, Ålesund
- ein type innbakte pannekaker med eit kjempegodt fyll, servert på ein båt på Seinen (Paris). Hadde levande musikk som spelte Ave Maria når vi passerte Notre Dame.... Gåsehud!!
- Bent meiner eg må notere min eigen Prinsefisk m/reker i kvitsausen...
(trur eg kom meg velberga frå dette punktet her, likevel)

4 ting på ønskelista mi:
- Ny vaskemaskin!!
- økonomisk friheit til å jobbe redusert medan ungane er små (Lotto-gevinst, jatakk!)
- Nordøy-vegen (slik eg kan suse meg ein tur heimatt på Fjørtofta når eg vil..)
- god helse til meg og alle i familien min!

Det var fem gongar fire frå meg! Håper Anette også tek seg tid til å gjere det same :-)
-

søndag 18. januar 2009

Helga vår!

Denne helga starta ikkje som vi hadde planlagt. Fredagskvelden hadde Lone over 40 i feber, kasta opp og var heller litt tufs... Og så var det den vaskemaskina då.. :-((
Men helga vart grei den likevel, sjølv med sjuk Lone. Bent var på jobb på laurdag, så vi jentene fekk "stulle" åleine. Lone sov for det meste, og dei to eldste leika roleg både for seg sjølv og ilag. Reine idyllen! Jaudå, vi kan få det til vi og :-) Fekk til og med vaska og rydda litt...
Søndagen var Lone i merkbart betre form, så då tok vi sjansen på å lufte oss litt. Vi pakka Lone godt ned i vogna og trilla ei runde, til ballbingen, via bhg. og heim att. Bra runde det for 2-åringen vår (Bent kallar henne berre for Duracell....)

På søndags ettermiddag var vi (unntagen Oda, ho var på besøk hos Malin) på kaffi-besøk nede hos Birger. Lone fekk då helse på Birger før første gong - på tide! Der fekk vi også eit flott sengeteppe i ekte silke, frå Birger sine Thailand-turar. Tusen takk, det var kjempeflott! :-)

Her ser vi Lone på søndagen, har teke til å bli interessert i leikene sine igjen.. Og ho ber preg av å ha to eldre søstre, tek mikrofonen og syng så det ljomar... Og bæljar om nokon prøver å ta den frå ho...

Julekorta brukar å få henge litt ekstra, sjølv om vi her i huset har avslutta jula. Det er så kjekt å gå og sjå på flotte bilete og minner, tusen takk til alle dei som har teke seg tid til å sende oss ei helsing til jul! (I år var det ny rekord, måtte utvide julekort-veggen!)
Alle julekort og takkekort blir sett i ein album, slik vi kan bla i den i løpet av heile året. Den fungerer faktisk som ei minnebok/oppslagsbok! -Skal tru når det var dei gifta seg, då...? -Er det lenge sidan han var konfirmert...? Ingen problem å følge med her i huset ;-)


Har endeleg fått tulipanar i huset :-) Flotte, ikkje sant?
No er eg sååå glad for at det går mot lysare tider!

Måtte berre ha med eit bilete av go'jenta vår Andrine. Ho er i ein artig alder, seier og gjer mykje rart :-) Og gjerne med eit glimt i auge! Det blir ikkje kjedeleg å bo i same hus som henne...




lørdag 17. januar 2009

Krise i heimen....

Tirsdagskvelden fann eg dagens klesvask søkk blaut i maskina... -Noko muffens, her ja, tenkte eg og tok til å trykke på knappane. Utan resultat.. Det verka som om maskina meir enn gjerne ville vaske, men ikkje skylle og sentrifugere :-( Skulle ein forvente det av ei maskine som akkurat har bikka 2 år? Ein litt spak og tafatt Bent måtte også til pers og trykke på knappane, han var like vis.. Onsdagen måtte Bent melde pass og ta seg ein heime-dag, stakkaren var sjuk! Etter tre timar i senga måtte han opp og starte tlf. runda. Med dagens teknologi og alle duppedittar var det greiast at ein kyndig reperatør fekk ta over saka.

Frustrasjonen var stor då det viste seg at vi tidlegast kunne få reperatør ut hit på onsdagen, altså neste onsdag!!! Så idag reiste Bent innover til fastlandet med maskina, slik at den skal stå klar til at nokon skal kunne sjå på den tidlegast mogleg mandag.. Stor krise..? Ja, når ein tenkjer på at det minimum blir vaska ei maskin med kle for dag hos fam Otterlei Austnes!! I tillegg har Lone no blitt sjuk og har kasta opp både over seg sjølv og foreldra...

Så her i huset er vi forberedt på det verste: Vi er fortsatt 3 igjen som kan bli sjuke, og vaskemaskina kan vi ikkje rekne med å få i hus att dei næraste dagane :-(

onsdag 14. januar 2009

Live 1 ÅR !


I dag, den 15. januar, blir Live 1 år!
Gjengen på Haramsøya gratulerer til den store jenta i Stavanger. Håper du får ein fin dag :-)
Reknar med at du no har lært å gå, og slepp å ha sofaen å halde i..
(Pakke kjem i posten så snart vi har fått oss ein tur på fastlandet)

Jula ut i helga som var!

I helga som var, var det på tide å "hive ut" jula. Det er kjekt å pynte og gjere det koseleg til jul, men det er jammen godt å få vekk raudfargen og alt nipseriet igjen!! Så no er jula ute, og Trine er klar for å tenne nøytrale lys og kjøpe tulipanar og primula :-))

Vi hadde også siste rest av ribbe og grisemør i helga. Til det hadde vi Farmor og Onkel Nils til å hjelpe oss med. Kake og kaffi høyrer sjølvsagt med etter ein julemiddag. Og Lone smakar på det meste... (Skal tru kvifor ho er så rund i kjakane...)
Oj, huskar når eg ser dette biletet at juleserviset har eg heilt gløymt å pakke vekk! Det står fortsatt i skåpa...

Ikkje alle var like enige i starten om at jula skulle ut.. Andrine protesterte då vi ville ha ut juletreet, men det gjekk over då ho fekk hjelpe til med å ta av pynten. Verre vart det når adventsstjerna skulle ned...

Eigentleg litt dumt å hive ut treet, kjempeflott tre som knapt hadde mist ei nål!


Må også ta med eit stemningsbilete av det flotte veret som var på laurdagen. Dette tok Bent når han var ute og trilla Lone litt før kl 10. Litt seinare på dagen var vi ute og tok ned alle utelys. Ungane leika seg ei lang stund i sandkassa, fekk nesten vårstemning av den høge temperaturen... (I skrivande stund er det minusgrader ute..)



mandag 12. januar 2009

Feiring av nytt år!

Det nye året feira vi på Fjørtofta saman med mormor og morfar, og familien ute på Granly. Ungane fekk med seg rakettane kl 24.00., noko som gjekk over all forventning! Litt trøtt dagen etter, menmen... ;-)

Her er Lone midtpunktet blant damene i familien Otterlei. Taklar godt det, ho ja...

Andrine, mormor og tante Randi. Litt "kummelt" med alt bråket, men Andrine synest det var fint med alle fargane :)

Nesten heile familien Otterlei Austnes. Og Lone stod seg imponerande bra!


Morfar sjekkar at Lone har det bra i vogna, greitt med vogn når snøen kom....



søndag 11. januar 2009

Meir romjul....

Siste delen av 2008 og starten på 2009 var vi på Fjørtofta. Nokre glimt derifrå... (Nyttårsfeiringa må nok komme i eigen bolk)

Var og besøkte Anskar, og eg hadde ikkje vore den einaste.. Den 29. var det eitt år sidan han døydde. Fint å komme på besøk, men tent lys og blomstrar og kransar. Tenkjer på deg!

Første dagen i 2009 vart ein fin vinterdag. Tok mange fine bilete med nytt kamera! Her er eit litt "artig" eitt av papsen...

Søskenbarn Emil har ATV :-) Det er litt kult å få sitje på med den, altså (Og litt skummelt for den som ikkje er så tøff..)


Og så må eg ta med eit bilete av sjampisen som plutseleg stod utanfor døra vår den 27. Då hadde vi nemleg 3mnd. brullaupsdag! Denne datoen var det Anette som skulle hjelpe oss å markere, og med hjelp frå HallgeirR, vart det sjampis om kvelden. Og gjett om den small..!



Romjulas juleselskap

Betre seint enn aldri....
Tok maaaange bilder i jula, synest nokre må komme på bloggen :-)
Eg og Bent har søstre som er naboar, og då er det greitt å kombinere to julebesøk på ein dag (Det gjeld å vere effektiv!)


Her er først bilete frå "Nedstegarden". Dei hadde julebesøk frå Stavanger, her representert av AnneLise og Live.


Her er Lone og Live, og til høgre Noah. Det som er litt artig er at det er berre ein 2-3 veker mellom Lone og Live. Håper desse to kan få det mykje kjekt saman i framtida :-)

I år var det "Øvstegarden" som stod for middagen. Lisbeth og Rune serverte nydeleg svineribbe. Og så har vi Bjørnar og Torstein ;-)

Her har vi Besten og Marit (Besten er også Farfar og Morfar, berre for å gjere det litt vanskeleg)
Til høgre har vi 3 generasjonar Otterlei: Odd, Ottar og Emil


Vi hadde også eit kjekt besøk hos familien Milic. Måtte ta med eit bilete av Andrea som prøver å teikne handa til Andrine. Koseleg, eller !? (Skulle no eigentleg ha teke med bilete av Trine og Bent som prøver ut ei av julegåvene hos fam. Milic... Men bilete av vaksne i sin beste alder som spelar dataspel, er ikkje alltid like vellukka ;-) Men gøy var det!!!!




lørdag 10. januar 2009

Erindringsvers....

På oppslagstavlene min opp gjennom åra har det alltid hengt ein lapp med eit erindringsvers. Det har gjennom åra skifta litt "lay out", det har både blitt solbleika og litt slite i kantane. Men innhaldet har alltid vore like aktuelt, uansett livssituasjon...
Tenkte eg skulle dele det med eventuelle lesarar av bloggen, kanskje vi kan ta eit lite "øyeblikk" å tenkje etter at vi eigentleg har det ganske bra, sjølv om vaskekjellaren er overfylt og hybelkaninene har flytta inn under sofaen ;-)
(Meiner det er skrive av danske Piet Hein)

T.T.T.

Jeg har skrevet et sted,
hvor jeg daglig må se,
det manende tankespråk:
T.T.T.

Når man føler hvor lite
man når med sin flid,
er det nyttig å minnes, at
Ting Tar Tid.

onsdag 7. januar 2009

Ove på besøk

Familien Otterlei Austnes klarte i jula å snu døgnet ganske bra.. Oda klarte glatt å sove både til kl 9 og halv 10! Men det går ikkje når alle 5 helst bør vere ute av huset før kl 0745.. Og ikveld var kvelden då alle dei små skulle i seng i rimeleg tid. Vi starta bra med tidleg kvelds og tidleg bad. Men så stod Ove plutseleg i døra!! Og frå å ha 3 trøtte jenter, fekk vi plutseleg 3 sprudlande og blide jenter!! (Der er nok forskjel på folk, ja, det er nok berre å innsjå det..)

Kanskje litt trøytt likevel, Andrine...?

At Ove er ein populær gjest (og snill fadder til Oda.. Takk for alle Kitty-tinga til jul!), er det ingen tvil om :-) Så var det greitt at dagen derpå var fridag til mor, og vi kunne drøye legginga litt likevel.
Velkommen igjen Ove! Ikkje la det bli like lenge til neste gong!

Lone sin første dag i barnehagen!

Tirsdag var det tid for at Lone skulle bli bhg.-jente... 11mnd gamal skulle ho rivast vekk frå dei trygge omgjevnadane i heimen, og starte på si barnehagekarriere (Kanskje det skal føyast til at det foreløpig er berre 2 dagar i veka dette skjer... ;-)

Men bhg. er no kjekt det!! Lone såg ut til å trivast frå første stund :)
Her er ho i kjend stil på veg under bordet for å sjekke om der er restar etter lunsjen...


- Jaudå, pappa... Det går greitt her.... Alt under kontroll.. !

tirsdag 6. januar 2009

Snø.....

Endeleg har Kong Vinter besøkt Sunnmøre! Og som den aktive (!) og naturglade (!!) familien vi
er, var vi ute og prøvde snøen.

Her er det Andrine og pappa som prøver akebakken nedom skulen. Her kan farta bli stor...

Bilete av Oda som Søndag viste ganske bra uthaldenheit på ski (berre ein 2-3 raserianfall..)
Merk dokke snølykta som "tilfeldigvis" fekk bli med på bilete. Den vart laga i 3-4 tida av underteikna, og den brann fortsatt i 1-tida på natta! Jada, eg har det med å legge meg seint...

Her er begge jentene på ski :)
Det treng altså ikkje vere så mykje snø for å få skiføre...
Må då ta med ei vandrehistorie om Bent, trur dei fleste har høyrt henne før, men den er no fornøyeleg då....
-Bent er på sine yngre dagar ute og testar skia sine, då Birger kjem forbi. Det er tydlegvis ikkje så mykje snø på markane, og Birger spør om det er noko til skiføre... Og Bent svarer: -Der det e snøv so....!

Tidleg på laurdagen var Oda litt uroleg pga av at vi dreiv og masa på at vi skulle ut og gå på ski berre det fekk snøe litt til.. Ho hadde no ikkje store nok skisko!! På seinvinteren ifjor var det kun tynnesokkar som fekk plass i skiskoa, og det vart nok nokre kalde tær..
Men julenissen hadde gløymt ein pakke i kjellaren, og plutseleg låg den under treet! :-)
Ettermiddagen var redda!!

Og så glad blir ein når ein får seg nye ski!
Då er det berre å håpe på at det fulgte med litt tolmodigheit og stå-på-vilje i pakken også... (Pluss litt valium til foreldra som skal oppmuntre og veilede/villede til skiglede ;-)
Det høyrer også med til historia at Andrine var vel så glad for å overta gamle-skia som storesøster var for nye ski... :-)